dcsimg

Triel ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Triel (Burhinus oedicnemus) er ein fugl i trielfamilien, og ein mellomstor medlem av familien. Han har utbreiing i Europa, Afrika og sørvestre Asia. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase. Artsnamnet oedicnemus kjem frå det greske oidio, å hovne opp, og kneme, legg eller bein, med tilvising til fuglen sitt framtredande ankelledd, som òg gjev det vanlege skildrande namnet thick-knee på engelsk.[1]

Skildring

Dette er ein ganske stor vadefugl med kroppslengde frå 40 til 44 centimeter, vengespennet er frå 77 til 85 cm og vekta 290-535 gram.[2] Trielen liknar ei lo, men er langt større. Til dømes er heilo mindre enn 30 centimeter. Utsjånaden er prega av den kamuflerande fjørdrakta tilpassa det halvtørre leveområdet med sand, grus og sparsamt med vegetasjon. Kroppen er overvegande brun, sandfarga, lysare underside enn overside og med to mørke og eit lyst band over vengene som er synlege når fuglen står. Nebbet er gult, men nær halve fremste delen er mørk. Auga er store og gule. Beina er lange og gule. Fuglen syner eit karakteristisk mønster i flukt, med svartkvite vengeteikningar. Trass klassifisering som ein vadefugl, føretrekker denne arten tørre, opne habitat med noko barmark. Trielar er i stor grad aktive om natta, då dei òg gjer høglydte klagande songar. I hekketida har dei læte som minnar om storspoven, med eit stigande 'kyy-liie' læte. Føda består av insekt og andre små virvellause dyr, og av og til små krypdyr, froskar og gnagarar.

Hekkeområdet er fragmentert i vestlege Europa frå Sør-England og sørover. Arten finst dessutan rundt Middelhavet, hekkar i Aust-Europa frå Ukraina og austover, vidare over Tyrkia og sørvestlige Asia. I det meste av utbreiingsområdet er han ein trekkfugl som overvintrar i Afrika, men meir standfugl i middelhavsområdet inkludert Spania og i Pakistan. Arten er ein sjeldan streiffugl i Noreg.[3]

Den europeiske populasjonen er estimert til 46 000-78 000 par og er trudd å vere svakt aukande.[4]

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 81. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Hume, R., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2016) Eurasian Thick-knee (Burhinus oedicnemus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. desember 2016
  3. Søk på artsobservasjoner.no den 27. november 2016
  4. BirdLife International (2016) Species factsheet: Burhinus oedicnemus. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. desember 2016

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Triel
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Triel: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Triel (Burhinus oedicnemus) er ein fugl i trielfamilien, og ein mellomstor medlem av familien. Han har utbreiing i Europa, Afrika og sørvestre Asia. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase. Artsnamnet oedicnemus kjem frå det greske oidio, å hovne opp, og kneme, legg eller bein, med tilvising til fuglen sitt framtredande ankelledd, som òg gjev det vanlege skildrande namnet thick-knee på engelsk.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Triel ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Triel (Burhinus oedicnemus) er en vadefugl. Den er 38-45 cm. Trielen legger 2 egg. Rugetiden varer i 24-26 dager. Den overvintrer i Sør-Europa og Nord-Afrika. Bare noen få observasjoner i Norge. Er mest aktiv i skumringen på natten. Den tar insekter og krypdyr i sanden og på grunt vann.


Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Triel: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Triel (Burhinus oedicnemus) er en vadefugl. Den er 38-45 cm. Trielen legger 2 egg. Rugetiden varer i 24-26 dager. Den overvintrer i Sør-Europa og Nord-Afrika. Bare noen få observasjoner i Norge. Er mest aktiv i skumringen på natten. Den tar insekter og krypdyr i sanden og på grunt vann.


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO