Sjøorre er ein fugl i underfamilien ender.
Fuglen hekkar i dei nordlege delane av Europa og nordvestre delar av Asia. I nordaustre delar av Asia og i nordlege delar av Nord-Amerika hekkar ein nærståande art som før vart rekna som underartar til sjøorren.
Hannen er svart med ein kvit flekk under auga. Hoa si fjørdrakt er brun med ein kvit flekk mellom auga og nebben. Vengane har kvit spegel på begge kjønn. Sjøorren er 48-56 cm lang.
Sjøorren hekkar på liknande stader som den nærslekta svartanda. Best trivst fuglen ved fjellvatn omgjeve av bar- eller bjørkeskog. Fuglen treng plass for å ta til vengane, og vatnet må ikkje vere for lite eller ha skogen for tett innpå. Hekking er konstatert frå Telemark og Hordaland i sør til lengst nord og aust i Finnmark. Hekking ved kysten er registrert frå Sogn og nordover. På kysten held der seg mange unge sjøorrar gjennom sommaren. Dette er fuglar som ikkje hekkar.
Den norske hekkebestanden er på kring 1500 par, og dette er ein tilbakegang frå tida kring 1870, då fuglen var langt vanlegare. På kysten finst det minst like mange hekkande fuglar som før. Sjøorren hekkar talrikast i bjørkebeltet, der reiret vert lagt i kratt av vier, einer eller lyng, og nær vatn. Det er godt gøymd og lite forseggjort. Dei 8-14 egga, som vert lagde frå slutten av mai fram til tidleg i juli, er gulkvite, og hoa rugar dei i 27-28 døgn. Gjennom denne tida vert reiret fora med fjør frå henne. Hannen held seg i området til ruginga er godt i gang, då reiser han og flokkar seg med andre hannar. Ungane finn seg raskt mat sjølve etter klekkinga. Om natta vert dei varma av mora eller ei anna ho. Dei er laust knytte til den biologiske mora, og ei ho kan gjerne ta til seg ungar frå eit anna kull.
Sjøorren et krepsdyr og blautdyr.
Arten er delvis trekkfugl. Fuglen reiser frå Nord-Noreg i september, og frå Sør-Noreg i september-november. Dei som dreg overvintrar i det vestlege Europa sørover til nordlege delar av Spania. Sjøorrane overvintrar på norskekysten frå Troms og sørover, med hovudtyngda i Trøndelag og på Jæren. Truleg er dette både norske hekkefuglar og fuglar som har kome austfrå. Sjøorrar kan sjåast på innsjøar fram til islegginga. Flokkar av sjøorrar kan sjåast på veg nordover og inn i landet i tida frå april til byrjinga av juni.
Sjøorre (Melanitta fusca) er en kystbundne dykkende sjøfugl (dykkand) som tilhører andefamilien.
Sjøorre er fredet i Norge, men kan forveksles med svartand. Sjøorre er større og har vingespeil, et parti med avvikende farge ytterst på vingene (svingfjærene).
Sjøorre (Melanitta fusca) er en kystbundne dykkende sjøfugl (dykkand) som tilhører andefamilien.