dcsimg

Orkidéfamilien ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Orkidéfamilien (eller marihandfamilien) er ein familie i aspargesordenen. Han er den største familien med blomstrande plantar, som omfattar om lag 22-25 000 artar i nesten 900 slekter.[1] Han er utbreidd over heile verda og har representantar i alle habitattypar bortsett frå på isbrear. Fleire av slektene har meir enn 1000 artar. Vaniljeslekta er medlem av familien.

Utbreiing

Orkidear finst overalt i verda. Hovudvekta av orkideane finst i tropiske strok, men dei finst overalt frå øyer nær Antarktis til Nord-Europa.

I Noreg finn ein 36 artar, i 23 slekter. Dei finst i heile landet.

Klassifisering

Orkideane utgjer familien Orchidaceae, i orden Asparagales. Av di familien er so stor er det noko usemje om dei innbyrdes tilhøva i familien, men i dag er det fem underfamiliar (sjå taksoboks). Underfamilie Epidendroidea er den største, med ca. 15 000 artar i 400 slekter.

Orkideane utgjer familien Orchidaceae, i orden Asparagales. Den fyrste som klassifiserte orkidear var Carl von Linné som registrerte åtte slekter i 1753. Orkideane vart plasserte i sin eigen familie av de Jussieu i 1789, og fire av underfamiliane kom på 1830-talet, klassifisert av John Lindley, orkideklassifiseringas far. Den seinste store klassifiseringa er gjort av Robert Louis Dressier, og det er denne me fylgjer her. Det er seks underfamiliar, some alle er monofyletiske. Utover det er mykje usikkert. Dressier si klassifisering er basert på utsjånad, og genetikk har synt at mange av dei lågare inngrupperingane er parafyletiske. Attåt vert meir enn hundre nye artar skildra i året, som gjer arbeidet enno vanskelegare.

Underfamiliane over står i tilhøve til einannan som spesifisert i APG-systemet. Hugs at alle underfamiliane ligg på same «nivå». Di mindre intendert ein familie er, di tidlegare skilde han seg frå dei andre utviklingsmessig.

Skildring

Alle orkidear er eittfrøblada, slik liljer og alle typar gras òg er. Difor går alle nervane i blada parallelt frå bladfestet og møtest i spissen av bladet.

Alle orkideblomar er symmetriske om ein vertikal akse. Dei har fem kronblad, ofte med sterke fargar, pluss ei «leppe», som er eit omdanna kronblad. Utsjånaden kan variera enormt, og mange orkideblomar vert rekna som svært vakre.

Livssyklus

Som alle plantar har orkidear generasjonsveksling mellom ein haploid gametofyttgenerasjon, og ein diploid sporofyttgenerasjon. Orkidear er karplantar, so det er sporofytten som er den synlege planten.

Alle artar lever i symbiose med sopp i minsto ein del av livssyklusen. Hjå alle artar treng frøet næring frå sopp.

Forplanting

Orkideane har veldig ulike og spesialiserte pollineringsstrategiar, men hovudvekta nyttar insekt pollinering. Mange artar er avhengige av ein einaste insektart. Dei slepp difor alt pollenet på ein gong, sidan det kan gå lenge mellom kvar vitjing.

Dei fleste insektpollinerande artane lokkar insekt med fargar og lukt, men få har nektar.

Hjå slekta Ophrys liknar blomen på hoa i arten, og produserer ofte holege kjønnsferomonar. Pollenet vert overført medan hannen freistar para seg. Arten Ophrys insectifera (flugeblom) liknar på ei ho-fluge, og finst i Nordland og på Søraustlandet.

Somme artar vert vitja av orkidefluger, som treng stoff som orkideen skil ut for å produsera feromon.

Somme artar fangar insektet inni blomen. Pollen vert overført når insektet forlèt planten.

Somme artar sjølvpollinerer, og somme forplantar seg ukjøna.

Levekår

 src=
Neottia nidus-avis har ikkje klorofyll. Arten finst i Noreg.

Flestalle orkideartar er epifyttar (veks på andre plantar), og somme av desse er heilt eller delvis parasittiske. Somme artar driv ikkje fotosyntese. Desse er heilt parasittiske, anten på høgare plantar eller på sopp.

Somme artar veks i mose på steinar, og somme er terrale (veks på jord).

Orkidear i Noreg

Orkidear finst i heile Noreg. Totalt er det 36 artar, frå 23 ulike slekter.

Liste over orkideartar i Noreg. Slekt og artnamn på latin står i kursiv, norske namn i klammer:

  • Anacamptis (Narrmarihandslekta)
    • morio (Narrmarihand)
  • Cephalanthera (Skogfrueslekta)
    • longifolia (Kvit skogfrue)
    • rubra (Raud skogfrue)
  • Chamorchis (Fjellkurleslekta)
    • alpina (Fjellkurle)
  • Coeloglossum (Grønkurleslekta)
    • viride (Grønkurle)
      • islandicum (Islandsgrønnkurle)
  • Corallorhiza (Korallrotslekta)
    • trifida (Korallrot)
  • Cypripedium (Mariskoslekta)
    • calceolus (Marisko)
  • Dactylorhiza (Marihandslekta)
    • fuchsii (Skogmarihand)
    • incarnata (Engmarihand)
      • coccinea (kysstype)
      • cruenta (Blodmarihand)
      • incarnata (Vanleg engmarihand)
    • lapponica (Lappmarihand)
    • maculata (Flekkmarihand)
    • praetermissa (Stormarihand)
    • purpurella (Purpurmarihand)
    • sambucina (Systermarihand)
    • traunsteineri (Smalmarihand)
  • Epipactis (Flangreslekta)
    • atrorubens (Raudflangre)
    • helleborine (Breiflangre)
      • neerlandica (Jærflangre)
    • palustris (Myrflangre)
  • Epipogium (Huldreblomslekta)
    • aphyllum (Huldreblom)
  • Goodyera (Knerotslekta)
    • repens (Knerot)
  • Gymnadenia (Brudesporeslekta)
    • conopsea (Brudespore)
      • densiflora (Tett brudespore)
  • Hammarbya (Myggblomslekta)¹
    • paludosa (Myggblom)
  • Herminium (Honningblomslekta)
    • monorchis (Honningblom)
  • Liparis
    • loeselii (Fettblad)
  • Listera (Tvibladslekta)
    • cordata (Småtviblad)
    • ovata (Stortviblad)
  • Lysiella (Sibirnattfiol-slekta)
    • oligantha (Sibirnattfiol)
  • Microstylis (Knottblomslekta)
    • monophyllos (Knottblom)
  • Neottia (Fuglereirslekta)
    • nidus-avis (Fuglereir)
  • Nigritella (Svartkurleslekta)²
    • nigra (Svartkurle)
  • Ophrys (Flugeblomslekta)
    • insectifera (Flueblom)
  • Orchis (Vårmarihandslekta)
    • mascula (Vårmarihand)
  • Platanthera (Nattfiolslekta)
    • bifolia (Nattfiol)
    • montana (Grov nattfiol)
  • Pseudorchis (Kvitkurleslekta)
    • albida (Kvitkurle)
    • straminea (Fjellkvitkurle)

Denne klassifiseringa er henta frå den norske nettstaden ArtsDatabanken.[2] Fylgjande skil seg frå ein del andre klassifiseringer:
¹ Slekta Hammarbya er ogso vanleg kjend som Malaxis. Altso Malaxis paludosa
² Slekta Nigritella ligg nær slekta Gymnadenia, og er ofte rekna som del av henne. Altso Gymnadenia nigra.

Bilete

Bilete av dei fleste norske orkideartane.

Kjelder

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Orkidéfamilien: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Orkidéfamilien (eller marihandfamilien) er ein familie i aspargesordenen. Han er den største familien med blomstrande plantar, som omfattar om lag 22-25 000 artar i nesten 900 slekter. Han er utbreidd over heile verda og har representantar i alle habitattypar bortsett frå på isbrear. Fleire av slektene har meir enn 1000 artar. Vaniljeslekta er medlem av familien.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Orkidéfamilien ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Orkidéfamilien eller marihandfamilien (Orchidaceae) er en av de største plantefamiliene. Familien består av ca. 880 slekter og rundt 22-25 000 arter.[1] Den er dermed verdens største plantefamilie, foran hnhv Kurvplantefamilien (Asteraceae) med 1 600 slekter og om lag 22 000 arter, og Erteblomstfamilien (Fabaceae) med 730 slekter og drøye 19 400 kjente arter.

Orkidéer har flere fellestrekk som gjør de greie å kjenne igjen som tilhørende familien: De er flerårige urter, som regel med parallell bladnervatur og ofte med basal bladrosett. Blomstene hos de ulike artene varierer mye i utseende og farge, men de kjennes igjen på felles grunnstruktur: Blomsten er tosymmetrisk og det er seks blomsterdekkblader i to kretser (3 + 3). I den indre kretsen er en av blomsterdekkbladene som regel sterkt omdannet (labellum) og fungerer ofte som landingsplattform for pollinatoren.

De opprinnelige tre pollenknappene er hos de fleste orkidéer redusert til én og denne er som regel vokst sammen med griffel og arr til en griffelsøyle (column). Pollenknappen er som regel delt i to pollinier som er "pakker" av pollen som avsettes på pollinatoren og dermed fraktes samlet til neste blomst. De fleste orkidéarter pollineres av insekter. Den store variasjonen i blomsterutseende hos orkidéene er trolig resultat av tilpasninger til ulike pollinatorer og pollinatoratferd.

De fleste artene vokser i tropiske strøk. Mange av orkidéene er truet av utryddelse, også noen i Norge.

Se også

Referanser

Litteratur

Darwin, Charles 1877. The Various Contrivances by Which Orchids Are Fertilised by Insects. Murray, London (2. utg)

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Orkidéfamilien: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Orkidéfamilien eller marihandfamilien (Orchidaceae) er en av de største plantefamiliene. Familien består av ca. 880 slekter og rundt 22-25 000 arter. Den er dermed verdens største plantefamilie, foran hnhv Kurvplantefamilien (Asteraceae) med 1 600 slekter og om lag 22 000 arter, og Erteblomstfamilien (Fabaceae) med 730 slekter og drøye 19 400 kjente arter.

Orkidéer har flere fellestrekk som gjør de greie å kjenne igjen som tilhørende familien: De er flerårige urter, som regel med parallell bladnervatur og ofte med basal bladrosett. Blomstene hos de ulike artene varierer mye i utseende og farge, men de kjennes igjen på felles grunnstruktur: Blomsten er tosymmetrisk og det er seks blomsterdekkblader i to kretser (3 + 3). I den indre kretsen er en av blomsterdekkbladene som regel sterkt omdannet (labellum) og fungerer ofte som landingsplattform for pollinatoren.

De opprinnelige tre pollenknappene er hos de fleste orkidéer redusert til én og denne er som regel vokst sammen med griffel og arr til en griffelsøyle (column). Pollenknappen er som regel delt i to pollinier som er "pakker" av pollen som avsettes på pollinatoren og dermed fraktes samlet til neste blomst. De fleste orkidéarter pollineres av insekter. Den store variasjonen i blomsterutseende hos orkidéene er trolig resultat av tilpasninger til ulike pollinatorer og pollinatoratferd.

De fleste artene vokser i tropiske strøk. Mange av orkidéene er truet av utryddelse, også noen i Norge.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO