dcsimg

Skrubbær ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Skrubbær (Cornus suecica) er ein vintergrøn fleirårig urt i kornellslekta med ei spreidd sirkumpolar utbreiing. Planta veks ofte med mange individ og kan danne teppe av skrubbærplantar.

Skildring

 src=
Bær av skrubbær

Planta vert 10-20 cm høg. Den har krypande jordstengel og opprette glatte, firkanta stenglar. Blada er motsette og heilranda med boga nervar, Blomstringa skjer i mai-juli. Blomstrane er bittesmå og sit samla i tette, endestilte hovud som er svartraude til svartfiolette. Under blomstrane sit fire store kvite dekkblad som ser ut som kronblad. Skrubbær har store kanta lysraude til raude frukter med svakt søtaktig, men flat smak. Frukta er eigentleg samlefrukter som består av mange, saftige steinfrukter som kvar har ein kjerne.

Skrubbæra veks i skog og hei på torgrunn. Planta er nokså vanleg over heile Noreg. Til fjells finst ho opp til 1200 m.

Fleire sider ved skrubbær gjer at den liknar på skogskornell (C. sanguinea), men på andre sider skil den seg, særskilt når det gjeld blomstringa. Den har nemleg mykje små blomstrar der alle delane er svartfiolette med unnatak av blomsterstandane. For at insekt skal bli lokka (sjå avsnittet Etymologi nedanfor), har planta ein samansett blome med eit stort og lysande skenbart blomsterhylster, ved at dei fire øvste blada har blitt forvandla til høgblad av kvit farge som sit i ein krans som eit svepe, men hermar ei blomsterkrone. I midten er den lille svartfiolette blomsterstanden samla, ein enkel flokk.

Sjølv om den blomstrar på starten av sommaren, vil dei fire dekkblada gjere, at blomstringa ser ut å rekke langt fram mot hausten.[1]

Utbreiing

Planta er sirkumpolar og veks over heile Noreg. Skrubbær finn ein sør til Schleswig-Holstein og Nederland i Europa. Planta er vanleg heile Noreg, Finland og nordlege og mellomste Sverige. Ho er meir sjeldsynt i det sørlege Sverige. I Nord-Amerika, finn ein arten i Alaska (USA) og British Columbia (Canada), og i den austlege delen av Canada (Labrador, New Brunswick, Newfoundland, Nova Scotia og Quebec), i tillegg til Grønland, men ho er borte i dei mellomliggande områda.[2]

Hybridar

Skrubbær dannar hybrid med amerikansk skrubbær (C. canadensis) som har fått namnet hybridskrubbær (C × unalaschkensis) og blir i nokon grad dyrka som prydvekst.

Synonym

  • Arctocrania suecica (L.) Nakai
  • Chamaepericlymenum suecicum (L.) Asch. & Graebn.
  • Cornella suecica (L.) Rydb.
  • Eukrania suecica (L.) Raf.
  • Cornus suecica f. semivirescens Vict.

Namn

Namnet «skrubbær» kjem av at skrubbæra ofte får besøk av ein spesiell breitegeart (Cimex baccarum), som i svensk bygdemål blir kalla skrubba.[3]

Dialektnamn i Noreg[4]

  • Frubær
  • Skrubbe

Dialektnamn i Sverige

Kjelder

  1. Elvers, Ivar: Vår flora i färg, Almqvist & Wiksell, 1970, s. 253. ISBN 91-20-03477-6.
  2. «BONAP distribution maps for North American species of Cornus». Henta 17 May 2011.
  3. http://runeberg.org/svetym/0840.html Svensk etymologisk ordbok
  4. K. Furuset, Blyttia 70 (2), s133, 2012
  5. Johan Ernst Rietz: Svenskt dialektlexikon [1] sida 55
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Johan Ernst Rietz: Svenskt dialektlexikon [2] sida 151
  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skrubbær
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Skrubbær: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Skrubbær (Cornus suecica) er ein vintergrøn fleirårig urt i kornellslekta med ei spreidd sirkumpolar utbreiing. Planta veks ofte med mange individ og kan danne teppe av skrubbærplantar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Skrubbær ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Skrubbær (Chamaepericlymenum suecicum, syn.: Cornus suecica) er en flerårig plante med teppedannede vekstform. Stenglene er glatte, opprette og firkanta. Bladene er motsatte og helrandede. Blomstringen skjer i mai-juli, hvor de bittesmå blomster sitter samla i tette endestilte hoder. De fire støttebladene er hvite, slik at blomsterhodet og støttebladene tilsammen danner en blomster-lignende struktur. Fruktene er bær som er røde og smakløse, men de er ikke giftige.[1] Rotnettet består av jordstengler og sprer seg kraftig med underjordiske utløpere.

Skrubbær er utbredt i nordlige strøk, både ved Atlanterhavet (amfiatlantisk) og Stillehavet (amfipasifisk), men arten mangler i det meste av Sibir og Canada. Den vokser i lyngheier og skog med sur jord.

Referanser

  1. ^ «Arkivert kopi». Arkivert fra originalen 18. august 2010. Besøkt 28. juli 2010.

Eksterne lenker

 src=
Skrubbær på Blefjell
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Skrubbær: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Skrubbær (Chamaepericlymenum suecicum, syn.: Cornus suecica) er en flerårig plante med teppedannede vekstform. Stenglene er glatte, opprette og firkanta. Bladene er motsatte og helrandede. Blomstringen skjer i mai-juli, hvor de bittesmå blomster sitter samla i tette endestilte hoder. De fire støttebladene er hvite, slik at blomsterhodet og støttebladene tilsammen danner en blomster-lignende struktur. Fruktene er bær som er røde og smakløse, men de er ikke giftige. Rotnettet består av jordstengler og sprer seg kraftig med underjordiske utløpere.

Skrubbær er utbredt i nordlige strøk, både ved Atlanterhavet (amfiatlantisk) og Stillehavet (amfipasifisk), men arten mangler i det meste av Sibir og Canada. Den vokser i lyngheier og skog med sur jord.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO