dcsimg

Inkaterne ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Inkaterne (Larosterna inca) er ein fugl i måsefamilien, Laridae, som lever langs kysten av Chile og Peru. Ho er einaste medlemmen av slekta Larosterna.

Skildring

Denne ternearten har ein utsjånad som skil seg frå alle andre i måsefamilien, særtrekka som identifiserer arten er skiftergrå fjørdrakt med noko mørkare hovud, kvit mustasje, og sterkt raudfarga nebb og føter. Bakkanten av vengene er kvite. Inkaterna er knytt til Perustraumen, hekkar utelukkande innaskjers på kysten av Peru og Chile. Arten var først avgrensa til Peru, spreidde seg sørover i Chile og er vanleg sør til Valparaíso. Terna kan førekomme sjeldan og sparsamt på sørvestkysten av Ecuador, og har vore ein særs sporadisk streiffugl nord til Costa Rica. Inkaterna er elles ein standfugl.

Inkaterna er ei stor terne, ca. 40 cm lang med kroppsvekt rundt 190 gram. Kjønna er like.

Føda er primært småfisk, som ansjosarten som lever langs kysten. Dei kan beite i store flokkar rundt fiskebåtar. Dei kan plukke føde direkte frå overflata, men òg stupdukke. Andre matkjelder er avfall etter sjøløver og andre predatorar. Lætet er eit katteliknande 'mju'.

Hekkehabitata er bratte bergskrentar med avsatsar, opne hòler, sprekker eller overheng. Dei vil ofte hekke saman med humboldtdukkpetrellar og raudfotskarvar. Reirplassen kan òg ligge i menneskegjorte strukturar der dei finn dekning.

BirdLife International klassifiserer arten som nær truga, jamvel om populasjonen har vore estimert til over 150 000.[1] Bestanden er minkande, og det har vore sett saman med guanoindustrien, dessutan svingar ternebestanden med dei sterkaste periodiske El Niño-hendingane.

Kjelder

  • Gochfeld, M. & Burger, J. (2016) Inca Tern (Larosterna inca) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. oktober 2016
Referansar
  1. BirdLife International (2016) Species factsheet: Larosterna inca. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. oktober 2016

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Inkaterne
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Inkaterne: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Inkaterne (Larosterna inca) er ein fugl i måsefamilien, Laridae, som lever langs kysten av Chile og Peru. Ho er einaste medlemmen av slekta Larosterna.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN