dcsimg

Tereksnipe ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tereksnipe (Xenus cinereus) er ein liten trekkjande vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae, og den einaste medlemmen av slekta Xenus. Arten har hekkeutbreiing avgrensa til i palearktis og har fått namn etter elva Terek som renn ut vest i Kaspihavet, fordi arten først vart skildra rundt i dette området.[1] Slektsnamnet Xenus er frå gammalgresk 'xenos', «framandt», og cinereus er latin for «oskegrå» frå 'cinis' eller 'cineris', «oske».[2]

Skildring

 src=
To tereksniper beitar saman med sibirvandresniper ved ei strand i Japan
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake

Mest karakteristisk for arten sin utsjånad er det lange oppbøygde nebbet, noko som gjev assosiasjon til avosettar. Tereksnipa er litt større enn ei strandsnipe, ca. 22-25 cm i kroppslengd. Som det vitskaplege namnet tilseier, har denne vadefuglen ein grå rygg, andlet og bryst i alle fjørdrakter; ei kvit augebrynstripe kan verka meir eller mindre tydeleg. Buken er kvitaktig og føtene gule, nebbet har ein gulaktig base, men er elles svart.

Denne fuglen hekkar nær vatn på boreal taiga i Russland omtrent frå grensa mot Finland og Baltikum gjennom Sibir til aust for Kolymaelva nesten til byen Anadyr ved Beringhavet.[3] Det er òg eit mindre isolert hekkeområde lengst nordaust i Bottenvika.[4] Tereksnipene trekker sørover om vinteren til tropiske kystar i Aust-Afrika, Sør-Asia og Australia, vanlegvis føretrekte område med mudderbankar, sandstrender eller ved brakkvatn. Ho er ein sjeldan streiffugl i Vest-Europa. Ho blir òg registrert som streiffugl både i Nord-Amerika og i neotropisk område.[3]

Tereksnipene beitar på ein særeigen og svært aktiv måte, jagar insekt og andre mobile byttedyr. Hekking skjer einskildvis eller i lause koloniar. Ho legg tre eller fire egg i eit sparsamt fôra reir på bakken.

Med vid utbreiing og mange observasjonar, er tereksnipa ikkje rekna som ein truga art av IUCN, og storleiken på populasjonen er trudd å vere stabil.[5]

Kjelder

Referansar
  1. Carnaby, Trevor (2009). Beat About the Bush Birds. Jacana Media. s. 77. ISBN 978-1-77009-241-9. Henta 5 June 2012.
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 107, 411. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  3. 3,0 3,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Terek Sandpiper (Xenus cinereus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. august 2016
  4. Om tereksnäppans (Xenus cinereus) förekomst och skyddsmöjligheter i Lapplands län Lapplands miljöcentrals rapporter 6/2008, på finsk, samandrag på svensk
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Xenus cinereus. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. august 2016

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tereksnipe
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tereksnipe: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tereksnipe (Xenus cinereus) er ein liten trekkjande vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae, og den einaste medlemmen av slekta Xenus. Arten har hekkeutbreiing avgrensa til i palearktis og har fått namn etter elva Terek som renn ut vest i Kaspihavet, fordi arten først vart skildra rundt i dette området. Slektsnamnet Xenus er frå gammalgresk 'xenos', «framandt», og cinereus er latin for «oskegrå» frå 'cinis' eller 'cineris', «oske».

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tereksnipe ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Tereksnipe (vitenskapelig navn Xenus cinereus) er en fugl.

Den finner føde på en spesiell og veldig aktiv måte, ved å jage insekter og andre byttedyr. Noen ganger løper den til vannkanten for å vaske fangsten.

Den er litt større enn strandsnipe, og det lange, oppoverbøyde nebbet gjør den lett gjenkjennelig.

Den legger tre eller fire egg.

Artsnavnet viser til at den først ble beskrevet fra området ved elva Terek, som renner til Det kaspiske hav.

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Tereksnipe: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Tereksnipe (vitenskapelig navn Xenus cinereus) er en fugl.

Den finner føde på en spesiell og veldig aktiv måte, ved å jage insekter og andre byttedyr. Noen ganger løper den til vannkanten for å vaske fangsten.

Den er litt større enn strandsnipe, og det lange, oppoverbøyde nebbet gjør den lett gjenkjennelig.

Den legger tre eller fire egg.

Artsnavnet viser til at den først ble beskrevet fra området ved elva Terek, som renner til Det kaspiske hav.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO