dcsimg

Vikunja ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vikunja (Vicugna vicugna), frå quechua wik'uña gjennom spansk vicuña, er eit kameldyr (Camelidæ) som lever på Altiplano i sørlege Peru, i delar av Bolivia, i nordre Chile og nordvest i Argentina. Største bestanden finn ein i Peru. Saman med guanako er han einaste atterlevande ville kameldyrarten i Sør-Amerika. Han er ein nær slektning av lama og sannsynleg stamform for husdyret alpakka. Vikunja er er avbilda i det peruanske riksvåpenet, og er rekna som nasjonaldyret til Peru.

Arten er hovudsakleg kjend for si fine ull. Kvart individ produserer i gjennomsnitt 200–250 gram av denne, og ho vert omsett til ein kilopris av ca USD 300–500 (i år 2002). Også inkaene verdsette vikunjaen for ullkvaliteten, det var forbode for andre enn herskarane å bere klede av vikunjaull. Både den gongen og i dag er vikunjaen verna av lovverk, men i ein periode gjekk det føre seg mykje ukontrollert krypskyting slik at populasjonen kom ned i ca 10 000 dyr på 1960-talet. Etter det vart det sett inn vernetiltak både i Peru og i Chile slik at bestanden er kome opp mot 200 000, av det ca 120 000 i Peru. Arten er difor ikkje lenger klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion.

 src=
Vikunja i dyrehage i Frankfurt.

Artsskildring

Vikunja er det minste av kameldyra, vaksne dyr har ei kroppslengd på 1,45–1,6 meter, skulderhøgd på 75–85 cm og veg mellom 35 og 65 kilogram. Han har ei meir elegant bygging enn guanakoen, og er noko mindre med litt kortare hovud og lengre øyre. Pelsen har gulbrun farge på ryggen medan hår på hals og bryst er lyst og ganske langt. Dyra er skye, dei kan flykte i ein fart på 47 km pr time i ei høgd på 4 500 moh.

 src=
Vikunja i Nevado Tres Cruces nasjonalpark i Chile.

Habitat

Dette kameldyret lever på skoglaust grasland og på fjellsletter i regionen over ca 3200 moh. I habitatet veks berre næringsfattig gras av fleirårige plantar og grastustar som er harde å beite. Temperaturen varierer mykje i slik høgd frå under frysepunktet om natta til sterk solvarme om dagen. Habitatet må syte for god vasstilgang, dyra krev drikkevatn kvar dag og går sjeldan over to kilometer frå næraste kjelde.

 src=
Springande vikunja.

Levevis

Vi finn vikunja i familiegrupper på 6–10 dyr med eit dominerande hanndyr saman med hodyr og ungdyr. Flokken kviler på ei høgd over beiteområdet. Dei lagar gjødningshaugar på ca 4 meter i diameter. Paringstida er på hausten, fostertida er på rundt 11 månader og kalven diar i opp til 10 månadar. Dyra er kjønnsmodne etter 2 år og kan nå ein levealder på 15–20 år. Unge hanndyr lever i ungkarsflokkar større enn dei vanlege familieflokkane. Naturlege predatorar er puma og andinsk rev (Pseudalopex culpaeus). Kondorar drep nomalt ikkje sjølv, men et åtsel frå daude vikunja.

Utnytting av arten

I førkolumbisk tid var hausting frå populasjonen særs regulert, det har vore foreslått at så mykje som to millionar dyr levde i Andes med ei utbreiing så langt nord som i Ecuador. Etter at arten vart nær utrydda kom det i gang internasjonale vernetiltak frå 1969. Det vart oppretta eit nett av verneområde etter ein aksjonsplan i dei landa som hadde bestand. På 1980-talet kom det i gang prosjekt for berekraftig hausting av populasjonen i samarbeid mellom mindre lokalsamfunn og styresmakter innanfor verneområde. Eit døme på eit slikt reservat er La Reserva Nacional de Pampa Galeras i Ayacucho-regionen i Peru med eit areal på 6 500 hektar.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vikunja: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vikunja (Vicugna vicugna), frå quechua wik'uña gjennom spansk vicuña, er eit kameldyr (Camelidæ) som lever på Altiplano i sørlege Peru, i delar av Bolivia, i nordre Chile og nordvest i Argentina. Største bestanden finn ein i Peru. Saman med guanako er han einaste atterlevande ville kameldyrarten i Sør-Amerika. Han er ein nær slektning av lama og sannsynleg stamform for husdyret alpakka. Vikunja er er avbilda i det peruanske riksvåpenet, og er rekna som nasjonaldyret til Peru.

Arten er hovudsakleg kjend for si fine ull. Kvart individ produserer i gjennomsnitt 200–250 gram av denne, og ho vert omsett til ein kilopris av ca USD 300–500 (i år 2002). Også inkaene verdsette vikunjaen for ullkvaliteten, det var forbode for andre enn herskarane å bere klede av vikunjaull. Både den gongen og i dag er vikunjaen verna av lovverk, men i ein periode gjekk det føre seg mykje ukontrollert krypskyting slik at populasjonen kom ned i ca 10 000 dyr på 1960-talet. Etter det vart det sett inn vernetiltak både i Peru og i Chile slik at bestanden er kome opp mot 200 000, av det ca 120 000 i Peru. Arten er difor ikkje lenger klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion.

 src= Vikunja i dyrehage i Frankfurt.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vikunja ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Vikunja (Vicugna vicugna), gjennom spansk fra quechua wik'uña, er et kameldyr som lever på Altiplano i det sørlige Peru, deler av Bolivia, nordre Chile og nordvest i Argentina. Den største bestanden finnes i Peru. Guanako og vikunja er de eneste ville kameldyrartene i Sør-Amerika. Dens nærmest slektning er alpakka.[1] Vikunjaen hevdes å ha verdens mest eksklusive ull, selv om det egentlig ikke er ull, men hule pelshår med en tykkelse på kun 12-14 µm.[2]

Beskrivelse

 src=
Vikunja i sitt naturlige habitat
Foto: David Torres Costales

Vikunja er det minste av kameldyra, voksne dyr har en kroppslengde inkludert hodet på 125–190 cm, skulderhøyde på 70–110 cm og veier mellom 35 og 45 kilogram.[3] Den har ei mer elegant bygning enn guanakoen, og er noe mindre med litt kortere hode og lengre ører. Pelsen er gulbrun på ryggen mens hår på hals og bryst er lyse og ganske lange. Dyra er skye og kan flykte i en fart på 47 km/t i ei høyde på 4 500 moh.

Arten eksisterer som to underarter, en nordlig (V. v. mensalis) og en sørlig (V. v. vicugna). Skillet mellom underartene går ved cirka 18o sør. DNA-studier viser at den nordlige underarten er nærmest beslektet med alpakka og trolig er en progenitor for denne.[1]

Habitat

Vikunjaen lever i alpint terreng i høyder på mer enn 3 200 moh.[4] (i Peru over 3 800 moh.). I habitatet vokser næringsfattig gras av flerårige planter og grastuster som er harde å beite. Temperaturen varierer mye i denne høyden, fra under frysepunktet om natta til sterk solvarme om dagen. Habitatet må sørge for god vasstilgang, dyra krever drikkevatn hver dag og går sjelden over to kilometer fra nærmeste vasskilde.

Atferd

Vikunjaen lever i familiegrupper på 6–10 dyr med et dominerende hanndyr sammen med hunndyr og ungdyr. Flokken hviler på ei høyde over beiteområdet. De lager gjødningshauger på ca. 4 meter i diameter. Paringstida er på høsten, svangerskapstida er på rundt 11 måneder og kalven dier i opp til 10 måneder. Dyra er kjønnsmodne etter 2 år og kan nå en levealder på 15–20 år. Unge hanndyr lever i ungkarsflokker større enn de vanlige familieflokkene. Naturlige predatorer er puma og andesrev. Kondorer dreper normalt ikke selv, men eter åtsel fra døde vikunjaer.

Annet

Hvert individ produserer 200–250 gram ekstremt fin ull årlig, til en kilopris av ca. USD 400–600 (2002). Også inkaene verdsatte vikunjaen for ullkvaliteten. Det skal har vært forbudt for andre enn herskerne å bære klær av vikunjaull.

Både den gang og i dag var vikunjaen verna av lovverket, men i en periode gikk det for seg mye ukontrollert krypskyting, slik at populasjonen falt til omkring 10 000 dyr på 1960-tallet. Etter at ble det satt inn vernetiltak både i Peru og Chile, har bestanden kommet opp mot 200 000 dyr igjen, hvorav cirka 120 000 i Peru. Selv om tallet virker komfortabelt, er arten klassifisert som sårbar av Verdens naturvernunion og som truet av U.S. Fish and Wildlife Service .

I førkolumbisk tid var høsting fra populasjonen særs regulert, det har vært foreslått at så mye som to millioner dyr levde i Andes med en utbredelse så langt nord som i Ecuador. Etter at arten ble nær utrydda kom det i gang internasjonale vernetiltak fra 1969. Det ble oppretta et nett av verneområde etter en aksjonsplan i de landa som hadde bestand. På 1980-tallet kom det i gang prosjekt for berekraftig høsting av populasjonen i samarbeid mellom mindre lokalsamfunn og styresmakter innenfor verneområde. Et eksempel på et slikt reservat er La Reserva Nacional de Pampa Galeras i Ayacucho-regionen i Peru med et areal på 6 500 hektar.

Referanser

  1. ^ a b Kadwell M, Fernandez M, Stanley HF, Baldi R, Wheeler JC, Rosadio R, Bruford MW (2001) Genetic analysis reveals the wild ancestors of the llama and the alpaca. Proceedings of the Royal Society of London, Series B - Biological Sciences 268 (1485): 2575-2584
  2. ^ Miranda Kadwell, Matilde Fernandez, Helen F. Stanley, Ricardo Baldi, Jane C. Wheeler, Raul Rosadio and Michael W. Bruford. 2001. Genetic analysis reveals the wild ancestors of the llama and the alpaca. Proc. R. Soc. Lond. B 2001 268, 2575-258.
  3. ^ Yacobaccio, H. (2006) Variables morfometricas de vicunias (Vicugna vicugna) en Cieneguillas, Jujuy. In: Vila, B. (Ed) Investigación, Conservacion y Manejo de Vicuñas. Proyecto MACS, Universidad Nacional de Lujan.
  4. ^ Lichtenstein, G. and Vila, B.M. (2003) Vicuna use by Andean communities: an overview. Mountain Research and Development, 23(2): 198 – 202.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Vikunja: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Vikunja (Vicugna vicugna), gjennom spansk fra quechua wik'uña, er et kameldyr som lever på Altiplano i det sørlige Peru, deler av Bolivia, nordre Chile og nordvest i Argentina. Den største bestanden finnes i Peru. Guanako og vikunja er de eneste ville kameldyrartene i Sør-Amerika. Dens nærmest slektning er alpakka. Vikunjaen hevdes å ha verdens mest eksklusive ull, selv om det egentlig ikke er ull, men hule pelshår med en tykkelse på kun 12-14 µm.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO