dcsimg

Vintererle ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vintererle er ein fugl i familien erler og piplerker.

Utsjånad

Fuglen er slank og 17-20 cm lang. Oversida er blågrå, ved gumpen grøngul. Undersida er om sommaren lysande gul, om vinteren gulaktig til brunaktig. Den hekkande vaksne hannen har svart strupe. Andre fjørdrakter saknar den svarte strupen, og det gule kan vere oppblanda med kvitt unnateke i området under stjerten. Vintererla har liksom andre erler ein karakteristisk lang, vippande stjert. Stjerten er svart med gul underside og har kvite ytterfjør. Vintererla er den av erlene i Europa som har lengst stjert og ho vippar ofte med denne. Beina er lange. Flukta er jamn og bogeforma.

Læte

Læta er ein skarpare variant av linerla, eit hardt, metallisk "tsitsitt" eller "tsetsetse".

Utbreiing og taksonomi

Arten hekker i store delar av dei tempererte regionane i Europa og Asia og delar av det nordlege Afrika. Vintererla er standfugl i dei mildare delane av utbreiingsområdet, t.d. Vest-Europa, men de nordlege og storparten av dei austlege bestandane er trekkfuglar som har vinterkvarter i Europa, Afrika, Arabia, India, Søraust-Asia og Ny Guinea.

Underarter

Vintererla vert delt opp i seks til sju underarter. Av desse er tre endemiske underarter som hekker på ulike øyar.

Førekomst i Noreg

Vintererla hekkar fast først og fremst i lågareliggjande strok på Austlandet, med spreidde hekkefunn langs Sørlandet til Jæren og i Hordaland og Trøndelag. Nokre indikasjonar på hekking er også gjort i Troms og Finnmark. Ho likar seg best der vatnet sprutar. I Østfold ligg alle hekkelokalitetar under marin grense, der også leirjord er utbreidd. Vintererla er ein ny art i Europa. Første observasjon i Noreg vart gjort i 1874, og første hekkefunnet kom ved Oslo i 1919. Truleg ligg den norske hekkebestanden på 200-1000 par.

Økologi

Biotop

Vintererla held til ved raskt flytande elvestryk, om vinteren held dei seg gjerne ved sakteflytande elvar i låglandet.

Føde

Fuglen livnærer seg av insekt som finst ved vatn - fluger, små biller, larvar av augestikkar, men også små krepsdyr og små blautdyr. Erla går gjerne der vatnet er grunt og plukkar i det i matjakta. Ho tek også flygande insekt.

Hekking

 src=
Ungfugl.

Hoa bygg eit reir av mose og gras fora med hår. Reiret vert plassert mellom steinar eller klipper og ikkje sjeldan i dambygningar nær vatn. I blant brukar paret gamle reir til fossekall eller spesiallaga fuglekasser. Hoa legg 3-6 gråbrune flekkete egg som ho eller begge foreldra ruger i 12 til 14 dagar. Begge foreldra matar ungane i om lag 12 døgn til dei er flygedyktige. Ofte får paret to kull per sesong.

Trekktilhøve

I Noreg er vintererla stort sett trekkfugl, men somme individ overvintrar. Fuglane kjem attende litt tidlegare enn linerlene, som ofte ruger ved dei same elvane. Dei trekkande vintererlene flyg ut av landet i september-oktober.

Kjelder

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vintererle: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vintererle er ein fugl i familien erler og piplerker.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vintererle ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Vintererle (vitenskapelig navn Motacilla cinerea) er en fugl. Den lever hovedsakelig av insekter, som den finner ved hurtigstrømmende vann, men om vinteren flytter den til mer saktestrømmende vann i lavlandet.

Den har redet i bergsprekker og lignende hulrom.

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Vintererle: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Vintererle (vitenskapelig navn Motacilla cinerea) er en fugl. Den lever hovedsakelig av insekter, som den finner ved hurtigstrømmende vann, men om vinteren flytter den til mer saktestrømmende vann i lavlandet.

Den har redet i bergsprekker og lignende hulrom.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO