dcsimg

Hammarhai ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Hammarhaiar eller hamarhaiar (slekt Sphyrna) er ei gruppe haiar med karakteristiske hovudformar. Det finst hammarhai i dei fleste hav, men dei går sjeldan inn i område med vasstemperatur under 20 °C. Dei nordlegaste observasjonane er frå den engelske kanalen.

Det finst 9 artar hammarhai, 3 av desse kan vera farlege for menneske. Hammarhaiar utgjer dei fleste artane i familien Sphyrnidae, men Eusphyra blochii (eng. Winghead shark) blir ofte plassert i ei eiga slekt.

Kjenneteikn

Hammarhaiane har fått namnet sitt etter den karakteristiske hovudfasongen dei har, som kan likna på ein hammar med t-forma si. Augo og nasebora sit ytst på kantane. Grunnen til at dette hovudet ser ut som det gjer er omstridt. Munnane er særs små i høve til resten av storleiken.

I gjennomsnitt er ein hammarhai opptil 4 m lang, men nokre artar kan bli heile seks meter lange og vege 900 kg.

Levesett

 src=
Om dagen sym hammarhaien ofte i stim.

Hammarhaien er ein aggressiv predator som et fisk, blekksprut og krepsdyr. Ein finn dei som regel i varmt vatn langsmed kystlinjer og på kontinentalsokkelen. Dei jaktar som regel om natta, åleine og for ein stor del langs botnen. Om dagen sym dei i stim.

Hammarhaiar parrar seg om sommaren og har indre befruktning. Hoa slepp ikkje ut egga som andre haiar, men ber dei inne i kroppen. Larvane får næring frå plommesekken, som på same måte som ei morkake er forbunden med mora sitt blodsystem. Eit kull haiungar kan bestå av opptil 55 fisk, avhengig av kor stor mora er. Dei vert fødd levande med hovudet bøygd bakover, og får eit arr på buken frå der plommesekken var festa. Dette er analogt med navlen hjå pattedyr. Ungdyra lever på grunt vatn

Det har òg vorte rapportert jomfrufødslar hjå hammerhai.

Artar

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Hammarhai: Brief Summary ( Norwegian )