Pigghå (Squalus acanthias) er ein haifisk i håfamilien. Han har ein giftig pigg framme på kvar av dei to ryggfinnane, derav namnet.
Pigghåen er utbreidd langs heile norskekysten, men har gått sterkt tilbake dei siste åra. Norsk raudliste 2006 reknar den norske bestanden som kritisk truga, noko som skuldast at den låge fruktbarheita har gjort fisken særs sårbar for overfiske. Han lever på djupn ned til 400 m, og opptrer ofte i stimar på fleire tusen individ. Han kan bli opptil 120 cm lang. Kjøtet skal vere velsmakande.