Plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er ein mellomstor svart og kvit sporvefugl med opphavleg leveområde i Australia og sørlegaste Ny-Guinea. Som medlem av slaktarfuglfamilien er han nært knytt til slaktarfuglar i slekta Cracticus.
Vaksne plystreskjorer er ein ganske robust fugl som måler 37-43 cm i lengd, veg ca. 350 gram,[1] med karakteristisk svart og kvit fjørdrakt, gullbrune auge og eit solid kileforma bleikt nebb med svart nebbtupp. Det er no anerkjent ni underartar av plystreskjorer, og det er to fargevariantar, ein med svart rygg og ein med kvit rygg. Førstnemnde forma har kvitt bakhovud og nakke, her er hoene gråspraglete. I sistnemnde form har hannar eit meir utbreidd kvitt område på ryggen, hoene er fint gråspraglete på dette området på ryggen.[1] Elles er kjønna like. Plystreskjorer brukar mykje tid på bakken der dei har nytte av dei lange beina. Skildra som ein dei mest kjende songfuglane i Australia, har plystreskjorer ei rekkje komplekse vokaliseringar, noko som òg er reflektert i det norske artsnamnet.
Plystreskjorer er altetande, med hovuddelen av det varierte kosthald består av virvellause dyr. Dei er generelt standfuglar og territoriale gjennom heile utbreiingsområdet. Som vanleg og vidt distribuert, har dei tilpassa seg godt til menneskeleg busetjing og er ein kjend fugl i parkar, hagar og jordbruksområde i Australia og på Ny-Guinea. Plystreskjorer vart introduserte på New Zealand i 1860, men har seinare blitt skulda for å fortrenge innfødde fuglar og er no handsama som eit skadedyr.[2] Introduksjonar skjedde òg på Salomonøyane og Fiji, der fuglane ikkje blir rekna som ein invasiv art.
Våren i Australia er skjorsesongen, og når eit lite mindretal av hekkande plystreskjorer, nesten alltid hannar, rundt om i landet blir aggressive, så stup dei og åtar menneske og dyr som nærmar seg reirplassen, inkludert sykkelryttarar. Plystreskjorer blir ofte mata av menneske rundt om i Australia, og er maskot i fleire australske sportslag.
Plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er ein mellomstor svart og kvit sporvefugl med opphavleg leveområde i Australia og sørlegaste Ny-Guinea. Som medlem av slaktarfuglfamilien er han nært knytt til slaktarfuglar i slekta Cracticus.