dcsimg

Kjerrsongarar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kjerrsongarar er ei biologisk slekt Acrocephalus av ca. 37 fugleartar i kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, tidlegare plassert i songarfamilien. Artane er vanlegvis knytt til fuktige habitat. Artar i denne slekta som er godt kjente frå leveområde i Noreg er sivsongar, myrsongar og røyrsongar.[1]

Dei fleste kjerrsongarar[2] er brune eller beigefarga og ofte ljosare på undersida. Kroppsforma er lang med spist nebb og flat panne. Kjerrsongarar trivst stort sett i nærleiken av myr, i takrøyrskog og andre fuktige område. Songane varierer frå art til art, men mange kjerrsongarar, som myrsongar, imiterer andre artar. Songane er ofte ganske lite føreseielege, og nokre artar kan vere vanskeleg å identifisere ut frå læte. Mange artar har ein flat hovudprofil, som gjev opphav til det vitskaplege namnet på slekta.

Mange er trekkfuglar og artar som hekkar i tempererte område hekkar sterkt sesongmessig.

Den mest gåtefulle arten i slekta, stornebbsongar, Acrocephalus orinus vart gjenoppdaga i Thailand i mars 2006. Han er omtala som «verdas minst kjente fugl»[3] og var kjent frå berre eitt tidlegare funn, i 1867.[4] Han vart òg funnen i Wakhan-korridoren i Afghanistan sommaren 2009.[5]

Artslista

Acrocephalus i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Vassongar, Acrocephalus paludicola, Aquatic Warbler, Vieillot, 1817, (VU)
  • Tvebrynsongar, Acrocephalus bistrigiceps, Black-browed Reed Warbler, Swinhoe, 1860, (LC)
  • Mingsongar, Acrocephalus sorghophilus, Streaked Reed Warbler, Swinhoe, 1863, (EN)
  • Tamarisksongar, Acrocephalus melanopogon, Moustached Warbler, Temminck, 1823, (LC)
  • Sivsongar, Acrocephalus schoenobaenus, Sedge Warbler, Linné, 1758, (LC)
  • Åkersongar, Acrocephalus agricola, Paddyfield Warbler, Jerdon, 1845, (LC)
  • Buttvengsongar, Acrocephalus concinens, Blunt-winged Warbler, Swinhoe, 1870, (LC)
  • Mandsjuriasongar, Acrocephalus tangorum, Manchurian Reed Warbler, La Touche, 1912, (VU)
  • Busksongar, Acrocephalus dumetorum, Blyth's Reed Warbler, Blyth, 1849, (LC)
  • Stornebbsongar, Acrocephalus orinus, Large-billed Reed Warbler, Oberholser, 1905, (DD)
  • Myrsongar, Acrocephalus palustris, Marsh Warbler, Bechstein, 1798, (LC)
  • Røyrsongar, Acrocephalus scirpaceus, Eurasian Reed Warbler, Hermann, 1804, (LC)
  • Afrikarøyrsongar, Acrocephalus baeticatus, African Reed Warbler, Vieillot, 1817, (NR)
  • Mesopotamiasongar, Acrocephalus griseldis, Basra Reed Warbler, Hartlaub, 1891, (EN)
  • Dunkjevlesongar, Acrocephalus gracilirostris, Lesser Swamp Warbler, Hartlaub, 1864, (LC)
  • Papyrussongar, Acrocephalus rufescens, Greater Swamp Warbler, Sharpe & Bouvier, 1876, (LC)
  • Kappverdesongar, Acrocephalus brevipennis, Cape Verde Swamp Warbler, Keulemans, 1866, (EN)
  • Damsongar, Acrocephalus newtoni, Madagascar Swamp Warbler, Hartlaub, 1863, (LC)
  • Rodriguessongar, Acrocephalus rodericanus, Rodrigues Warbler, Newton, 1865, (NT)
  • Seychellsongar, Acrocephalus sechellensis, Seychelles Warbler, Oustalet, 1877, (VU)
  • Trastsongar, Acrocephalus arundinaceus, Great Reed Warbler, Temminck & Schlegel, 1847, (LC)
  • Orienttrastsongar, Acrocephalus orientalis, Oriental Reed Warbler, Temminck & Schlegel, 1847, (LC)
  • Stentorsongar, Acrocephalus stentoreus, Clamorous Reed Warbler, Ehrenberg, 1833, (LC)
  • Saipansongar, Acrocephalus hiwae, Saipan Reed Warbler, Yamashina, 1942, (CR)
  • Australtrastsongar, Acrocephalus australis, Australian Reed Warbler, Gould, 1838, (LC)
  • Karolinesongar, Acrocephalus syrinx, Caroline Reed Warbler, Kittlitz, 1835, (LC)
  • Bokikokikosongar, Acrocephalus aequinoctialis, Kiritimati Reed Warbler, Latham, 1790, (EN)
  • Sørmarquesassongar, Acrocephalus mendanae, Southern Marquesan Reed Warbler, Tristram, 1883, (LC)
  • Naurusongar, Acrocephalus rehsei, Nauru Reed Warbler, Finsch, 1883, (VU)
  • Nihoasongar, Acrocephalus familiaris, Millerbird, Rothschild, 1892, (CR)
  • Pitcairnsongar, Acrocephalus vaughani, Pitcairn Reed Warbler, Sharpe, 1900, (EN)
  • Hendersonsongar, Acrocephalus taiti, Henderson Island Reed Warbler, Ogilvie-Grant, 1913, (VU)
  • Kerearakosongar, Acrocephalus kerearako, Cook Islands Reed Warbler, Holyoak, 1974, (NT)
  • Rimatarasongar, Acrocephalus rimitarae, Rimitara Reed Warbler, Murphy & Mathews, 1929, (VU)
  • Tahitisongar, Acrocephalus caffer, Tahiti Reed Warbler, Sparrman, 1786, (EN)
  • Mooreasongar, Acrocephalus longirostris, Moorea Reed Warbler, Gmelin, 1879, (CR)
  • Nordmarquesassongar, Acrocephalus percernis, Northern Marquesan Reed Warbler, Wetmore, 1919, (LC)
  • Tuamotusongar, Acrocephalus atyphus, Tuamotu Reed Warbler, Wetmore, 1919, (LC)

Kjelder

Referansar

  1. Norgeslisten hos NOF
  2. Namn frå Svensson et al
  3. Birdlife International, World's least known bird' found breeding in Afghanistan 15.januar 2010
  4. BirdLife International (2010) Species factsheet: Acrocephalus orinus. Lest frå http://www.birdlife.org 17. oktober 2010
  5. Timmins, Robert J.,Mostafawi N., Rajabi A. M., Noori H., Ostrowski S., Olsson U., Svensson L., Poole C. M. (2009). «The discovery of Large-billed Reed Warblers Acrocephalus orinus in north-eastern Afghanistan». BirdingAsia (12): 42–45.
  6. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kjerrsongarar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kjerrsongarar er ei biologisk slekt Acrocephalus av ca. 37 fugleartar i kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, tidlegare plassert i songarfamilien. Artane er vanlegvis knytt til fuktige habitat. Artar i denne slekta som er godt kjente frå leveområde i Noreg er sivsongar, myrsongar og røyrsongar.

Dei fleste kjerrsongarar er brune eller beigefarga og ofte ljosare på undersida. Kroppsforma er lang med spist nebb og flat panne. Kjerrsongarar trivst stort sett i nærleiken av myr, i takrøyrskog og andre fuktige område. Songane varierer frå art til art, men mange kjerrsongarar, som myrsongar, imiterer andre artar. Songane er ofte ganske lite føreseielege, og nokre artar kan vere vanskeleg å identifisere ut frå læte. Mange artar har ein flat hovudprofil, som gjev opphav til det vitskaplege namnet på slekta.

Mange er trekkfuglar og artar som hekkar i tempererte område hekkar sterkt sesongmessig.

Den mest gåtefulle arten i slekta, stornebbsongar, Acrocephalus orinus vart gjenoppdaga i Thailand i mars 2006. Han er omtala som «verdas minst kjente fugl» og var kjent frå berre eitt tidlegare funn, i 1867. Han vart òg funnen i Wakhan-korridoren i Afghanistan sommaren 2009.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Acrocephalus ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen handler om fugler. For å lese om blomsterplantene, se Acrocephalus (planter).

Acrocephalus er en gruppe fugler i sangerfamilien. De eter insekter. Mange arter har en flat hodeform, noe som har gitt gruppen sitt vitenskapelige navn. De har duse farger, noen arter med striper.

Artsliste

Acrocephalus-sangere med artsnavn på norsk språk:[1]

Referanser

  1. ^ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Acrocephalus: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen handler om fugler. For å lese om blomsterplantene, se Acrocephalus (planter).

Acrocephalus er en gruppe fugler i sangerfamilien. De eter insekter. Mange arter har en flat hodeform, noe som har gitt gruppen sitt vitenskapelige navn. De har duse farger, noen arter med striper.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO