dcsimg

Monotropa uniflora ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Monotropa uniflora er ein plante i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Han er ein fleirårig staudeplante som veks spreidd i tempererte område frå Udmurtia i europeisk Russland til Asia, Nord-Amerika og nordlege Sør-Amerika.[1]

Planten kan vera heilt kvit på farge eller ha svarte flekkar og ein lyserosa farge.[2] Som vaniljerot skil planten seg frå dei fleste andre plantar ved å mangla klorofyll. I staden for å driva fotosyntese ved hjelp av sollys lever han parasittiskmykorrhiza-nettverket mellom visse typar sopp og andre plantar. Sidan han ikkje er avhengig av sollys kan han veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen. Monotropa uniflora er særleg knytt til bøkeskog.[3]

I Nord-Amerika er planten også kjend som ghost plant, Indian pipe og corpse plant. Planten er i dag sjeldan å finna. Det komplekse samspelet med sopp gjer det vanskeleg å formeira og dyrka han.

Kjelder

  1. Neyland, Ray; Hennigan, Melissa K. (2004). «A Cladistic analysis of Monotropa uniflora (Ericaceae) inferred from large ribosomal subunit (26S) rRNA gene sequences». Castanea 69 (4): 265–271. doi:10.2179/0008-7475(2004)069<0265:ACAOMU>2.0.CO;2.
  2. David Matthews "Indian Pipes, Ithaca NY"
  3. http://www.psu.edu/dept/nkbiology/naturetrail/speciespages/indianpipe.htm

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Monotropa uniflora
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Monotropa uniflora: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Monotropa uniflora er ein plante i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Han er ein fleirårig staudeplante som veks spreidd i tempererte område frå Udmurtia i europeisk Russland til Asia, Nord-Amerika og nordlege Sør-Amerika.

Planten kan vera heilt kvit på farge eller ha svarte flekkar og ein lyserosa farge. Som vaniljerot skil planten seg frå dei fleste andre plantar ved å mangla klorofyll. I staden for å driva fotosyntese ved hjelp av sollys lever han parasittiskmykorrhiza-nettverket mellom visse typar sopp og andre plantar. Sidan han ikkje er avhengig av sollys kan han veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen. Monotropa uniflora er særleg knytt til bøkeskog.

I Nord-Amerika er planten også kjend som ghost plant, Indian pipe og corpse plant. Planten er i dag sjeldan å finna. Det komplekse samspelet med sopp gjer det vanskeleg å formeira og dyrka han.

 src=

M. uniflora

 src=

Stilk

 src=

Blome

 src=

Blomedetalj

 src=

Rosafarga M. uniflora

 src=

Raudfarga M. uniflora

 src=

Planten har skjelaktige, små blad utan klorofyll.

 src=

Fleire plantar som veks i Camano Island State Park.

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN