Cettia er ei biologisk slekt av fire små insektetande «songarar» i den nyleg anerkjente orientsongarfamilien. Tidlegare var slekta plassert i Sylviidae, som den gongen fungerte som eit oppsamlingstakson for songfuglliknande artar. Utbreiinga av Cettia-songarar strekkjer seg frå Europa til sentrale Kina. Ein art, cettisongar, lever i Eurasia, dei andre tre artane i slekta har asiatisk utbreiing.
Artane i slekta har berre i ei viss grad liknande utsjånad, raudhovudtesia skil seg mest frå dei andre i storleik og fjørdrakt. Dei er skjerre fuglar som kan vere vanskelege å sjå. Tre av Cettia-artane tenderer mot rein eller gråleg brun overside og brungule eller ljosgrå tonar på undersida. Dei har lite mønstre bortsett frå augebrynstripa. Arten raudhovudtesia er unntaket.
Cettisongar er den største arten på opptil 14,5 centimeter i kroppslengd, har grå augestripe, grå strupe som glir over til lys gulbrun buk. Rik brunleg overside inkludert hovud.[1] Gråsidesongar liknar cettisongar, men er mindre og har raudbrun hette.[2] Kastanjekronesongar kan vere meir avdempa i farger enn gråsidesongar, men har kastanjebrun krone.[3] Raudhovudtesia er den sterkt avvikande arten, nesten utan hale, er den minste på ca. 8 til 9,5 cm, manglar augebrynstripe og har kraftig farga fjørdrakt.[4]
Cettisongar hekkar i Marokko, i Vest-Europa nord til sørlegaste England, og austover gjennom Sør-Europa, Anatolia, fragmentert austover og så langt aust som Kasakhstan og vestlegaste Kina. Han er låglandsfugl, hekkar opptil 1450 moh. i Spania.[1] Dei asiatiske artane har utbreiing frå nordlege India, gjennom Nepal og Butan, nordlege Myanmar og Thailand og inn i sentrale Kina. Gråsidesongar òg litt inn i nordlege Pakistan. Raudhovudtesia dessutan i nordlege Kambodsja, Laos og Vietnam. Desse tre artane er høglandsfuglar, hekkar opptil 4000 moh., gråsidesongar til 4300 moh. i Kina. Somme populasjonar av cettisongarar gjer ordinære sesongmessige fugletrekk, dei asiatiske artane gjer berre vertikale trekk.
Føda er mest truleg små insekt, edderkoppar og larvar hos alle artar. Cettisongarar kan òg ete små frø og sniglar. Dette er ganske terrestriske fuglar, som lever i habitat av tettbygd vegetasjon av takrøyr og anna store grasvekster, rhododendron og treplanter.
Slekta blei nyleg redusert frå 16 til fire artar ved ein splitt til ei ny slekt Horornis.[5] Artslista i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Cettia er ei biologisk slekt av fire små insektetande «songarar» i den nyleg anerkjente orientsongarfamilien. Tidlegare var slekta plassert i Sylviidae, som den gongen fungerte som eit oppsamlingstakson for songfuglliknande artar. Utbreiinga av Cettia-songarar strekkjer seg frå Europa til sentrale Kina. Ein art, cettisongar, lever i Eurasia, dei andre tre artane i slekta har asiatisk utbreiing.