dcsimg

Måsar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Måsar er mellomstore til store fuglar som saman med terner, noddyar og saksenebbar utgjer måsefamilien. Dei fleste måseartane lever ved kyst og hav, få måseartar treffast langt til havs, krykkje som beitar pelagisk utanom hekkesesongen er eit unntak. Nokre artar kan treffast i innland, tildels langt frå hav, elvar og innsjøar. Måsar er utbreidde over heile verda, jamvel i Arktis og i utkanten av Antarktis. Det finst rundt rekna 50 artar, dei fleste vaksne måsar har drakter med kvit eller lys grå kropp, mørkare venger med mørke kanter, og nokre artar som hettemåse har mørkare hovud i sommardrakt. Unge, umodne måsar har gråbrune drakter, generelt finn ein frå ein til tre ulike årsklassar umodne fjørdrakter i tillegg til juvenil drakt og vaksen drakt, varierande med art.

Skildring

 src=
Gråmåse, Larus argentatus, 1. eller 2. vinter
Foto: Wikimedia-brukar Tuxyso
 src=
Magellanmåse, Leucophaeus scoresbii
Foto: Luis Alejandro Bernal Romero
 src=
Sabinemåse, Xema sabini
Foto: Ómar Runólfsson
 src=
Lavamåse, Leucophaeus fuliginosus
Foto: Dick Daniels

Måsar er vanlegvis gråe eller kvite, ofte med svarte merke på hovudet og på vengene. Dei gjev ofte kraftige klagande rop, dei har kraftig, langt nebb og symjehud på føtene. Måseartane varierer i storleik frå dvergmåse på 120 gram og 29 cm til svartbak på 1,75 kg og 76 cm.

Dei fleste måseartane, spesielt Larus-artar, er predatorar i fuglefjell som tar levande føde eller åtsel når dei får høve. Av levande mat inngår òg krabbar og småfisk. Bortsett frå krykkja er måsar typiske kystfuglar eller dei lever i innland og vågar seg sjeldan inn i lauvskog eller langt til havs. Hos dei store artane tar det opptil fire år å oppnå fullvaksen fjørdrakt, men to år er typisk for små måsar. Dei store artane har vanlegvis høg levealder, opptil 49 år registrert for gråmåse.

Måsane hekkar i store, tettpakka og støyande koloniar. Dei legg to-tre flekkete egg i reir som er fora med vegetasjon. Ungane er tidleg utvikla, dei er fødde med mørke flekkar og kan gå straks etter klekkinga.

Spesielt dei store måsane er oppfinnsame, nysgjerrige og intelligente fuglar, demonstrerer utvikla metodar for kommunikasjon og ein godt utvikla sosial struktur. For eksempel finn ein samarbeidande mobbeåtferd i måsekoloniar. Dei angrip og plagar rovdyr og andre som treng inn på territoriet. I tillegg kan enkelte artar som gråmåse vist at dei kan nytte reiskap. Mange artar har lært å eksistere saman med menneske med suksess og har tilpassa seg innanfor mennesket sine leveområde. Somme artar stolar på kleptoparasittisme for å skaffe mat. Det er observert at måsar kan jakte frå levande kval, og at dei landar på kval for å hakke kjøtt, og freistnadar på å drepe kjæledyr som kattar.

Taksonomi

Måsar er ei samling av artar i familien Laridae, som igjen er medlemmar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien Laridae inneheld òg terner, noddyar og saksenebbar. Fram til ca. 2005 - 2008 var dei fleste måseartane plasserte i same slekta Larus, men denne inndelinga vart funnen å vere polyfyletisk og førte til at tre nye slekter blei oppretta.[1] BirdLife International held framleis på systematikken som samlar dei fleste måsar i Larus.[2]

Artsliste

Måsar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Slekt Creagrus

Slekt Rissa

  • Krykkje, Rissa tridactyla, Black-legged Kittiwake, LC, Linné, 1758
  • Raudfotkrykkje, Rissa brevirostris, Red-legged Kittiwake, VU, Bruch, 1853

Slekt Pagophila

  • Ismåse, Pagophila eburnea, Ivory Gull, NT, Phipps, 1774

Slekt Xema

  • Sabinemåse, Xema sabini, Sabine's Gull, LC, Sabine, 1819

Slekt Saundersilarus

  • Gulehavsmåse, Saundersilarus saundersi, Saunders's Gull, VU, Swinhoe, 1871

Slekt Chroicocephalus

  • Smalnebbmåse, Chroicocephalus genei, Slender-billed Gull, LC, Brème, 1839
  • Kanadahettemåse, Chroicocephalus philadelphia, Bonaparte's Gull, LC, Ord, 1815
  • Andesmåse, Chroicocephalus serranus, Andean Gull, LC, Tschudi, 1844
  • Sørhettemåse, Chroicocephalus maculipennis, Brown-hooded Gull, LC, Lichtenstein, 1823
  • Maorimåse, Chroicocephalus bulleri, Black-billed Gull, EN, Hutton, 1871
  • Nyzealandmåse, Chroicocephalus scopulinus, Red-billed Gull, LC, Forster , 1844
  • Australmåse, Chroicocephalus novaehollandiae, Silver Gull, LC, Stephens, 1826
  • Gråhovudmåse, Chroicocephalus cirrocephalus, Gray-hooded Gull, LC, Vieillot, 1818
  • Namibmåse, Chroicocephalus hartlaubii, Hartlaub's Gull, LC, Bruch, 1853
  • Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus, Black-headed Gull, LC, L, 1766
  • Asiahettemåse, Chroicocephalus brunnicephalus, Brown-headed Gull, LC, Jerdon, 1840

Slekt Hydrocoloeus

  • Dvergmåse, Hydrocoloeus minutus, Little Gull, LC, Pallas, 1776

Slekt Rhodostethia

  • Rosenmåse, Rhodostethia rosea, Ross's Gull, LC, MacGillivray, 1824

Slekt Leucophaeus

  • Magellanmåse, Leucophaeus scoresbii, Dolphin Gull, LC, Traill, 1823
  • Ørkenmåse, Leucophaeus modestus, Gray Gull, LC, Tschudi, 1843
  • Lattermåse, Leucophaeus atricilla, Laughing Gull, LC, L, 1758
  • Franklinmåse, Leucophaeus pipixcan, Franklin's Gull, LC, Wagler, 1813
  • Lavamåse, Leucophaeus fuliginosus, Lava Gull, VU, Gould, 1841

Slekt Ichthyaetus

  • Svartehavsmåse, Ichthyaetus melanocephalus, Mediterranean Gull, LC, Temminck, 1820
  • Mongolhettemåse, Ichthyaetus relictus, Relict Gull, VU, Lönnberg, 1931
  • Raudehavsmåse, Ichthyaetus leucophthalmus, White-eyed Gull, NT, Temminck, 1825
  • Sotmåse, Ichthyaetus hemprichii, Sooty Gull, LC, Bruch, 1853
  • Steppemåse, Ichthyaetus ichthyaetus, Pallas's Gull, LC, Pallas, 1773
  • Middelhavsmåse, Ichthyaetus audouinii, Audouin's Gull, NT, Payraudeau, 1826

Slekt Larus

  • Skarvmåse, Larus belcheri, Belcher's Gull, LC, Vigors, 1829
  • Argentinamåse, Larus atlanticus, Olrog's Gull, NT, Olrog, 1958
  • Japanmåse, Larus crassirostris, Black-tailed Gull, LC, Vieillot, 1818
  • Tjukknebbmåse, Larus pacificus, Pacific Gull, LC, Latham, 1801
  • Oskemåse, Larus heermanni, Heermann's Gull, NT, Cassin, 1852
  • Fiskemåse, Larus canus, Mew Gull, LC, Linné, 1758
  • Ringnebbmåse, Larus delawarensis, Ring-billed Gull, LC, Ord, 1815
  • Kaliforniasvartbak, Larus occidentalis, Western Gull, LC, Audubon, 1839
  • Gulfotsvartbak, Larus livens, Yellow-footed Gull, LC, Dwight, 1919
  • Præriegråmåse, Larus californicus, California Gull, LC, Lawrence, 1854
  • Gråmåse, Larus argentatus, Herring Gull, LC, Pontoppidan, 1763
  • Gulbeinmåse, Larus michahellis, Yellow-legged Gull, LC, J. F. Naumann, 1840
  • Kaspimåse, Larus cachinnans, Caspian Gull, LC, Pallas, 1811
  • Armenarmåse, Larus armenicus, Armenian Gull, LC, Buturlin, 1934
  • Eskimomåse, Larus thayeri, Thayer's Gull, LC, Brooks, 1915
  • Grønlandsmåse, Larus glaucoides, Iceland Gull, LC, Meyer, 1822
  • Sildemåse, Larus fuscus, Lesser Black-backed Gull, LC, Linné, 1758
  • Skifermåse, Larus schistisagus, Slaty-backed Gull, LC, Stejneger, 1884
  • Gråvengmåse, Larus glaucescens, Glaucous-winged Gull, LC, Naumann, 1840
  • Polarmåse, Larus hyperboreus, Glaucous Gull, LC, Gunnerus, 1767
  • Svartbak, Larus marinus, Great Black-backed Gull, LC, Linné, 1758
  • Taremåse, Larus dominicanus, Kelp Gull, LC, Lichtenstein, 1823

Måsar som er hekkefuglar i Noreg med Svalbard og Jan Mayen er krykkje, ismåse, sabinemåse, hettemåse, dvergmåse, fiskemåse, gråmåse, grønlandsmåse, sildemåse, polarmåse og svartbak.

Kjelder

Fotnotar

  1. Clements et al, Updates & Corrections – December 2008 Ref til side 100
  2. BLI Data zone, søkeresultat Larus, henta 29. november 2014
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Måsar
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Måsar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Måsar er mellomstore til store fuglar som saman med terner, noddyar og saksenebbar utgjer måsefamilien. Dei fleste måseartane lever ved kyst og hav, få måseartar treffast langt til havs, krykkje som beitar pelagisk utanom hekkesesongen er eit unntak. Nokre artar kan treffast i innland, tildels langt frå hav, elvar og innsjøar. Måsar er utbreidde over heile verda, jamvel i Arktis og i utkanten av Antarktis. Det finst rundt rekna 50 artar, dei fleste vaksne måsar har drakter med kvit eller lys grå kropp, mørkare venger med mørke kanter, og nokre artar som hettemåse har mørkare hovud i sommardrakt. Unge, umodne måsar har gråbrune drakter, generelt finn ein frå ein til tre ulike årsklassar umodne fjørdrakter i tillegg til juvenil drakt og vaksen drakt, varierande med art.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN