Hegg (Prunus padus) er eit lauvtre som veks over heile Noreg. Prunus er eit gammalt namn på plommetre, padus var namnet på ein busk i det gamle Hellas. Treet er vanleg i Europa og store delar av Asia. Hegg kan bli opp til 18 meter høg, har mørk stamme, langsmale og dropeforma mørkegrøne blad og kvite blomar som seinare blir til bær. Det er ofte fleire stammar som til saman dannar eit tre. Bæra blir svarte når dei er mogne, og har bitter smak. Blomane sit fleire i lag på ein 10–15 cm lang stilk. Dei er kvite og har ei aromatisk duft.
Heile treet blomstrar kraftig om våren etter lauvsprett (mai og juni). Seinare blir blomstrane til svarte bær som er store som erter med ein stein i midten. I juli-august er bæra mogne og dei har ein bitter smak. Treet formeirar seg ved hjelp av fuglar som spreier bæra. Hegg kan dessutan formeira seg både ved rot- og stubbeskot.
Treet veks nær elver, bekkar og vatn. Det trivst i fuktig, næringsrik og basisk gjørme- og leirjord. Hegg veks helst i område med halvskugge. I Sør-Noreg kan det følgja elvedalar opp til 1200 meters høgd.
Lokkrustsopp kan finnast på hegg. Dette er ein soppart som er vertvekslande mellom hegg og gran, og gran smittast alltid av infisert hegg.
Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) et i somme år opp alle blada på heggen og etterlet tre som spøkelse dekte av spinn.