Triticale – eller på norsk rugkveite - er ein ny kornart oppstått ved kryssing mellom kveite og rug. Namnet er ei samantrekking av slektsnamna Triticum (kveite) og Secale (rug). Den har dei siste 50 åra fått ein produksjon på nivå med rug, men er likevel lite ålment kjend. Dette har å gjera med at den mest er brukt til fôr. Ideen med kryssinga var å sameine brødkveitens høge avkastingsevne og gode bakekvalitet, med rugens betre tilpassingsevne til meir nøysame miljø. Lik mange andre draumar, har også denne berre delvis gått i oppfylling, men den er eit kornslag med stor avkastingsevne under mindre gunstige vilkår. Difor kan rugkveiten bli viktigare i framtida.
Rugkveiten er ein polyploid, med genoma (kromosomsetta) frå både rug og kveite. Foreldra er frå to ulike, men nærståande slekter i grasfamilien. Dei er oftast lite kryssbare, av to grunnar.[1] Om vindspreidd pollen frå rug landar på eit kveite-arr, vil det sjeldan befrukte på grunn av gen for sterilitet[2]. Om det ein sjeldan gong blir avkom, er det sterilt på grunn av ubalanserte kromosom. Det må derfor få kromosomtalet dobla for å bli fertilt. Som forklart i artiklane om kveite og rug, har brødkveite 42 kromosom, 14 av kvart av genoma A, B og D, med formelen 2n=6x=42. Rug har 14 kromosom, 2 av kvart av genoma S (for Secale), med formelen 2n=2x=14. Ei eggcelle i brødkveite får då 21 kromosom (n=3x=21), eit pollenkorn i rug får 7 (n=x=7). Hybriden triticale vil då få 28 kromosom – 7 av kvart av genoma A, B, D og S. Den blir steril, med mindre kromosomtalet blir dobla til 56. Rugkveite med så høgt (oktoploid) kromosomtal viste seg likevel å ha ei rekke problem med fertilitet. Noko betre gjekk det med durumkveite (genoma A og B, 2n=6x=28) som mor. Då får rugkveiten 42 kromosom, og stort sett blir berre slike dyrka i dag.
Før såg ein på genoma frå foreldra som godvillige sambuarar, men molekylær analyse viser at foreininga er meir av eit sjokk. Rett etter hybridiseringa kan det skje omfattande endringar i DNA, der sekvensar forsvinn eller sluttar å virke. I rugkveite går dette spesielt ut over rugkromosoma.[3]
Vellykka kryssingar vart først rapporterte frå Skottland (1875) og USA (1883)[4], men den første fertile hybriden – som enno finst – vart laga av tyskaren Vilhelm Rimpau i 1888. På ukjend måte må kromosomtalet blitt dobla av seg sjølv. Ein «sverm» av naturleg kryssa rugkveite vart rapportert i Russland i 1921. Etter tekniske gjennombrot som embryokultur og kromosomdobling med colchicin (Blakeslee and Avery 1937), kunne ein lage rugkveitehybridar i større skala. Slike såkalla «primære triticale» var agronomisk lite lovande. Dei hadde hyppige kromosomfeil, nedsett fertilitet og fekk skrumpa korn. Grunnane var fleire, m.a. at dei større kromosoma i rug trong lenger tid i kjønnscelledelinga. Trass i omfattande forsking var det liten framgang fram til 1960.
Foredlingsprogram i ulike land tok då å krysse triticale av ulike opphav, fylgd av utval for fylte korn og elles betre agronomi. Slike «sekundære triticale» gav rask framgang og resulterte i dei første sortane frå 1968. Frå då tok rugkveiten av som kornart. Same året oppstod den viktige sorten Armadillo på forsøksstasjonen til CIMMYT i Mexico. Eit tilfeldig pollenkorn frå ein ukjent brødkveite kom til å befrukte ein triticale. Ut kom Armadillo med ei overraskande god frøsettingsevne. Dessutan var kromosom 2D frå brødkveite erstatta det tilsvarande i rug og med det to viktige gen: eitt gjorde strået kortare og eitt gjorde blomstringa ubunden av daglengda. Ved sidan av kornkvaliteten var nemleg strålengda rugkveitens store veikskap. Den store styrken til rugkveite er at den er meir hardfør enn kveite, om enn mindre enn rug[2]. Den toler tørke, sur/basisk jord og næringsmangel betre enn kveite, men ikkje så vinterherdig som rugen (nesten all triticale er haustsådd). I dag forstår vi meir kvifor, ettersom delar av ruggenomet er borte eller ikkje verkar i rugkveiten. Rugens sterke sjukdomsresistens blei ganske snart broten ned når rugkveiten kom i omfattande dyrking. Dette er ikkje spesielt for rugkveite. Under dei beste vilkåra ligg rugkveitens avkastingsevne litt under brødkveitens og synest å ha ein meir effektiv fotosyntese og å trenge mindre til ånding. Samla sett har den likevel eit stort ubrukt potensial i mindre gunstige vekstmiljø og kan få ein langt større plass i kornproduksjonen. Truleg er den ein av dei store nyvinningane i landbruket frå det 20. hundreåret.
Rugkveitens veikskap er den dårlege bakeevna. Målet var å få bakeevna frå brødkveite, men durumkveite manglar viktige gen for bakekvalitet (frå D-genomet). Vidare er rugkveiten (som rugen) svært utsett for groskadar i fuktige haustar, der stivelsen lett blir broten ned av amylase-enzym. Med rugens dårlege gluten blir då bakeevna deretter. Også mølleeigenskapane er dårlegare enn kveitens. Derfor er den i stor grad eit fôrkorn, mykje brukt til svin eller fjørfe på eigen gard. Den lett nedbrotne stivelsen gjer den elles godt eigna til drøvtyggarar og som råstoff for bioetanol og biogass.
Det betyr ikkje at den ikkje er brukbar til mat. Tvert om er den godt eigna til frukostkorn, pasta eller usyra bakverk som kjeks, chapati, tortillas m.fl. Å overføre bakegena frå D-genomet til rugkveite – jamfør Armadillo – er ei viktig oppgåve. I dag er nesten all rugkveite utan D-kromosom.
Frå 1977 til kring 2000 auka middelavlinga frå 1,8 til 3,8 tonn/ha, med kunstig vatning til 10 tonn/ha og over.[4] Avlingane pr arealeining stagnerte før tusenårsskiftet, men areala har auka iallfall fram til 2010.[5] Rugkveitens potensial i meir marginale område synest å gjort den marginal også som vekst, med lite forsking i høve til potensialet. Ein grunn til det er - som tabellen viser - at over 80% av all rugkveite produsert i EU. Ei nyutvikling er hybridsortar med eit avlingssprang på opptil 20%. Dette kan gje triticalen eit nytt puff framover. Rugkveitens «verdskart» overlappar i stor grad med rugens. I Noreg hadde rugkveite eit toppår i 1998, med 13700 tonn, men blir i dag lite dyrka. Likevel nådde enkeltbønder opp i nær 10 tonn/ha i 2015.
Land Produksjoni millionar tonn
Polen 5,2 Tyskland 3,0 Belgia 2,1 Frankrike 2,0 Russland 0,7 Kina 0,5 Ungarn 0,5 Spania 0,4 Litauen 0,4 Austerrike 0,3 På verdsbasis 17,1Triticale – eller på norsk rugkveite - er ein ny kornart oppstått ved kryssing mellom kveite og rug. Namnet er ei samantrekking av slektsnamna Triticum (kveite) og Secale (rug). Den har dei siste 50 åra fått ein produksjon på nivå med rug, men er likevel lite ålment kjend. Dette har å gjera med at den mest er brukt til fôr. Ideen med kryssinga var å sameine brødkveitens høge avkastingsevne og gode bakekvalitet, med rugens betre tilpassingsevne til meir nøysame miljø. Lik mange andre draumar, har også denne berre delvis gått i oppfylling, men den er eit kornslag med stor avkastingsevne under mindre gunstige vilkår. Difor kan rugkveiten bli viktigare i framtida.