Piggålfamilien (Notacanthidae) er ein familie piggålar som lever bentisk på djupt vatn (om lag 125-3500 m) i hav over heile verda. Dei har langstrekte kroppar og runde hovud med munn på undersida. Ofte er bryst- og bukfinnane forbundne med ein membran, men det er ikkje alltid slik.
Det er registrert ti artar i familien, fordelt på tre slekter. I Noreg finst ein, nordleg piggål, sporadisk.