Kystgrisøyre er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa, Asia og Nord-Afrika. Kystgrisøyre vert kring 3 dm høg, og har buktfinna eller bukttagga ruhåra blad. Stivt snautt skaft med små bladskjel på den øvre delen. 3 cm brei korg. Langskafta fnokk med fjørstrålar inst og hårstrålar ytst. Blømer kring juli i bakkar og småskog langs kysten frå Østfold til Nordmøre.