Kattugla høyrer med mellom dei vanlegaste ugleartane i det sørlege Noreg. Ho finst elles i mesteparten av Europa, delar av Marokko, i det sørlege Russland og i store delar av Kina. Namnet sitt har ho fått for kosthaldet sitt; ho et for det meste myser og andre smågnagarar.
Kattugla vert 38 cm lang og 450-550 g tung. Fjørdrakta varierer frå grå til raudbrun, og er stort sett den same over heile kroppen. Vengene er breie og hovudet stort.
Kattugla er aktiv i skumringa og om natta, og lever av smågnagarar, småfugl, amfibium og meitemark. Ho bur helst i lauv- eller blandingsskog, og høyrer til ei av dei vanlegaste «park-uglene» våre. Den største tettleiken av arten her til lands er jamvel i Nygårdsparken i Bergen.
Hekketida er frå mars til juli. Hoa legg 3-5 egg i eit reir som er bygd anten i eit trehòl eller under eit hustak, og etter om lag ein månads rugetid dukkar ungane fram. Etter rundt 45 dagar er dei flygedyktige og kan fanga sitt eige bytte.