dcsimg

Hubro ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Hubroen er den største uglearten i den norske faunaen. Han er å finna i store delar av Europa og Asia, og kjennest att på fjørhorna. Fuglen er kategorisert som nær truanorsk nasjonal raudliste.

Kjenneteikn

 src=
Vaksen hubro.
 src=
Hubrounge.

Hubroen er med sine 66-71 cm/2-3 kg den største ugla i Europa. Fargen er mørkt brun med lyse flekker på oversida, gulbrun med mørke striper på langs på undersida. Beina og føtene er fjørkledde. På hovudet har fuglen to store fjørhorn som ikkje er synlege i flukt. Kjønna er stort sett like, men hoa er litt større.

Levesett

I Noreg hekkar hubroen primært langs kysten til Nordland. Spreidde par har vorte observert i Troms og Finnmark. Tidlegare var han helst å finne i skogsområde i indre austlandområde, men her har bestanden gått merkbart attende. Hovudgrunnen til tilbakegangen er strukturendring i jordbruket, og at fuglane kolliderer med elektriske leidningar. Hubroen har òg vorte forfølgt av menneske, òg etter at arten vart totalfreda i 1970. Hubroane er natt- og skumringsaktive dyr som jaktar på små pattedyr og små til mellomstore fuglar. Dei tek mellom anna storfugl.

Arten hekkar på bakken under berghamrar eller på fjellhyller. Hekketida er mellom mars og september, avhengig av kvar i utbreiings-området fuglen bur. Det vert lagt 1-4 egg som vert klekte etter 26-31 dagar med ruging. Ungane vert verande opptil 50 dagar i reiret.

Hubroen er for det meste ein standfugl. Særleg er det lite vandring mellom fuglar langs kysten. Av fuglar ringmerkte i Noreg er det få som trekkjer utanlands. Nokre er funne att i Sverige, men då i nærleiken av norskegrensa.

Den eldste ringmerkte fuglen registrert i Noreg etter å ha vorte funne att er 19 år 6 mnd.

Prosjekt hubro

I 1975 starta WWF, Verdas Naturfond, «Prosjekt Hubro» for å auke talet på hubroar på Austlandet. Hoer økslar seg i fangenskap, og så sette ein ut ungfugl i aktuelle område. Fram til 1980 vart over 600 ungfuglar sette ut. Ein feste radiosendar på nokre av fuglane for å følgje med på eventuelle vandringar. Det synte seg at svært mange miste livet ved kollisjon med kraftleidningar.

Årets fugl

Norsk ornitologisk foreining peika ut hubro som «årets fugl» i 2008. Det tyder mellom anna at det skal samlast inn så mykje informasjon som råd om denne fuglen.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Hubro: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Hubroen er den største uglearten i den norske faunaen. Han er å finna i store delar av Europa og Asia, og kjennest att på fjørhorna. Fuglen er kategorisert som nær trua på norsk nasjonal raudliste.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Hubro ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Hubro (Bubo bubo) er ei ugle i slekten Bubo.


Beskrivelse

Hubroen er den største av alle ugler i Europa og veier fra 2 til 4 kg. Hannhubroen blir ca. 65 cm, hunnen ca. 5—10 cm større. Vingespennet er mellom 1,5 og 1,8 m. Den har store fjærtopper som kan minne om horn, og rødgule øyne. Brystet har brede striper og buken smale striper. Selve fjærdraktens grunnfarve er gulbrun med brunsorte pletter på oversiden. Fjærene er myke og har en kant av fine frynser, noe som gjør den nesten lydløs når den jakter. Den kan se i lys som er cirka 100 ganger svakere enn det mennesket bruker til å orientere seg med.

Habitat og utbredelse

 src=
Hubro i hagen

Hubro finnes i hele Eurasia fra Atlanterhavet til Stillehavet i området mellom Polarsirkelen og Middelhavet/Himalaya. I Norge og Sverige finnes 5-600 par, i Finland 3000. Danmark har bare mellom 20 og 30 par, alle i Jylland. I Tyskland regner man med å ha om lag 1000 par, mens i Østerrike finnes det 3-400 og i Sveits 100. På 1800-tallet var hubroen en vanlig hekkefugl i mange skogsområder, men den er nå mindre tallrik og i mange europeiske land er den utryddet. I Norge står hubroen på den nasjonale rødlisten i kategorien "sterkt truet".

Levevis

Hubroen er revirtro og har hovedsakelig aktiviteten sin på natten.

Hubroen hekker i ulendte områder med bratte berg i fjellskoger og langs kysten. Den hekker først når den er 2-3 år gammel, og parene holder sammen hele livet. Hunnen kan legge 1-6 egg. Disse legges i mars, og hun ruger på dem i om lag 35 dager. Ungene er klare til å fly når de er 50-60 dager gamle, men de er ikke uavhengige av foreldrene før de er et halvt år gamle.

Høyeste registrerte levealder for frittlevende hubro er 19 år. Den er registrert via ringmerking. I fangenskap er høyeste dokumenterte levealder 60 år.

Referanser

  1. ^ BirdLife International 2004. Bubo bubo. In: IUCN 2006. 2006 IUCN Red List of Threatened Species. Downloaded on 11 August 2007.
  2. ^ «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 18. november 2015. Besøkt 24. januar 2019.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Hubro: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Hubro (Bubo bubo) er ei ugle i slekten Bubo.


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO