dcsimg

Langhalemaurfugl ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Langhalemaurfugl (Drymophila caudata) er ein fugl i maurfuglfamilien. Han er endemisk til Colombia. Etter ei endring i taksonomi i 2012, har denne arten ei utbreiing avgrensa til øvre Magdalenadalen og den austre fjellkjeda av Andes.

Skildring

Dette er ein langhala, streka, ca. 15 centimeter lang smettliknande maurfugl som veg ca. 12 gram. Hovudet og oversida er svart-kvit-streka, undersida kvit med svarte strekar, bakkroppen raudbrun. Halen er mørk, avrunda med kvite tupp.

Utsjånaden er som santamartamaurfuglen, som òg var ein del av dette artstaksonet inntil nyleg. Langhalemaurfugl som definert i dag, blei anerkjent som følge av funn gjort av studiar av genetiske strukturar gjennom heile utpreiingsområdet for det opphavlege taksonet. Ved studiar av lætet er det funne forsiktige skilnader frå dei andre tidlegare underartane av langhalemaurfugl, mellom anna med bruk av sonogram frå lydopptak.[1] Drymophila caudata lever i eit belte rundt 2000 moh., frå Caquetá-departementet i sør gjennom Huila til Santander i nord.[1]

Taksonomi

Fram til ca. 2012 var det definert eit takson langhalemaurfugl Drymophila caudata med fire underartar, mellom anna nominatforma D. caudata caudata. Etter ein studie med samanlikningar av mtDNA, læte, fjørdrakt og diversitet i økologi, la gruppa framlegg om å handsame kvar av dei fire underartane som sjølvstendige artstakson.[1] Synet blei stødd av South American Classification Committee og den nye taksonomien blei tatt inn i Clementslista frå august 2013,[2]

Kjelder

  • Isler, M. L., A. M. Cuervo, G. A. Bravo, & R. T. Brumfield. 2012. An integrative approach to species-level systematics reveals the depth of diversification in an Andean thamnophilid, the Long-tailed Antbird. Condor 114: 571–583
  • Zimmer, K. & Isler, M.L. (2003). Long-tailed Antbird (Drymophila caudata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. september 2015
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Isler et al 2012
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2013), Updates & Corrections: August 2013, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, ref til side 298, Long-tailed Antbird Drymophila caudata, lest 16. september 2015

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Langhalemaurfugl
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Langhalemaurfugl: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Langhalemaurfugl (Drymophila caudata) er ein fugl i maurfuglfamilien. Han er endemisk til Colombia. Etter ei endring i taksonomi i 2012, har denne arten ei utbreiing avgrensa til øvre Magdalenadalen og den austre fjellkjeda av Andes.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN