dcsimg

Sørhavhest ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Sørhavhest, Fulmarus glacialoides, er ein sjøfuglden sørlege halvkula. Han er ein av to artar i den biologiske slekta Fulmarus i familien Procellariidae, stormfuglfamilien. Den andre arten i slekta er arten havhest, F. glacialis, på den nordlege halvkula.

Sørhavhesten er stort sett bleikgrå på oversida og kvit under med ein karakteristisk kvit flekk på oversida av vengen. Han hekkar langs kysten av Antarktika og på øyane rundt, og flyttar seg nordover om vinteren. Han hekkar i koloniar i fjellskrentar, legg eitt egg på ei hylle eller i ei kløft. Kosthaldet inneheld kril, småfisk og blekksprut.

Skildring

 src=
Sørhavhest, Fulmarus glacialoides
Foto: JJ Harrison
 src=
Egg av Fulmarus glacialoides
Foto: Didier Descouens

Det er ein ganske stor, tjukkfallen petrell, 45-50 cm lang med eit vengespenn på 110-120 cm.[1] Hannen har ei snittvekt på ca. 800 gram, hoa litt mindre. Dei aukar kroppsmassen med ca. 200 gram fram til ruginga tar til.[2]

Fuglen flyg med ei blanding av kjappe, stive vengeslag og lange glidestrekk, og kik samtidig ofte ned for å søkje over havoverflata. Fjørdrakta er hovudsakleg bleik sølvaktig grå over med kvit underside. Hovudet er kvitt med ei bleikgrå krone. Vengetuppane er gråsvarte på oversida med ein stor kvit flekk, og vengene har ein mørk bakkant. Beina og føtene er svakt blålege. Nebbet er rosa med ein svart spiss og mørke blålege nasebor. Første års fuglar har eit slankare nebb enn eldre individ.[3]

Sørhavhesten er vanlegvis stille, men har høge, kaklande rop ved reirplassen og når dei beitar i flokkar. Under kurtisen produsere dei ein mjuk dur og gutturale, kvekkande rop.

Utbreiing

Det er koloniar på fleire av øyane rundt Antarktis til dømes Sør-Sandwichøyane, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Bouvetøya og Peter I Øy. Fuglen hekkar òg fleire stader langs fastlandskysten av Antarktis.[4]

Når dei ikkje hekkar, lever dei til havs, hovudsakleg langs den ytre kanten av pakkisen om sommaren.[2] Om vinter kan dei beite nordover, opp til ca. 40 ° S. Dei finst enda lengjer nord i det kjølige vatnet i Humboldtstraumen, som når Peru. Ein har observert små mengder utanfor kysten av Sør-Afrika, sørlege Australia og New Zealand. Dette er ein vanleg art i utbreiingsområdet med ein populasjon på minst 4 millionar individ.[2] Ein million par hekkar på Sør-Sandwichøyane åleine.[5]

Åtferd

Reproduksjon

Ein hekkekoloni kan innehalde hundrevis av fuglar og ligg på fjellgrunn i isfrie område. Fuglane kjem til kolonien i oktober. Under kurtisen sit eit par ved sida av kvarandre og gjer læte, veiver med hovudet, småbit og pussar fjøra på kvarandre. Reiret er ei grunn skrape fôra med småstein. Det er lagt til ein stad skjerma for vind på ei hylle, i ur eller i ei sprekk. Hoa legg eit kvitt egg i slutten av november eller tidleg desember. Rugetida er ca. 45 dagar, begge foreldra gjer rugeøkter på 3-9 dagar. Det tar ca. 52 dagar til ungen er flygedyktige. Dårleg vêr kan føre til høge tap av egg og ungar, og dei er òg åtaka av joar og slirenebb.[6] Hekkesuksessen aukar etter kvart som foreldra blir eldre.[2]

Føde og beiting

Sørhavhestar søkjer ofte føde saman i flokkar, gjerne saman med andre sjøfuglartar som flekkpetrell, når det er ein konsentrasjon av mat som ein krilstim eller rundt kvalfangstskip og trålarar. Kril og andre krepsdyr er den viktigaste komponenten i dietten, men arten lever òg av småfisk og blekksprut.[6] Dei plukkar føda opp frå vassoverflata.

Kjelder

  • BirdLife International (2009). «Southern Fulmar - BirdLife Species Factsheet». Data Zone. Henta 17 Jul 2009.
  • Brooke, M. (2004). «Procellariidae». Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-850125-0.
  • Elliot, Andrew; Sargatal, Jordi (1992). Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., red. Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-10-5. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  • Heather, Barrie D.; Robertson, Hugh A. (1997). The field guide to the birds of New Zealand. Oxford, UK: Oxford University Press.
  • Pizzey, Graham; Knight, Frank (1997). The Graham Pizzey & Frank Knight Field Guide to the Birds of Australia. London, UK: HarperCollins.
  • Watson, George E. (1975). Birds of the Antarctic and Subantarctic. Washington, D.C. USA: American Geophysical Union.

Referansar

  1. Pizzey, Graham & Knight, Frank (1997)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Brooke, Michael (2004)
  3. Watson, George E. (1975) Birds of the Antarctic and Subantarctic, American Geophysical Union, Washington.
  4. Harrison, Peter (1987)
  5. Heather, Barrie D. & Robertson, Hugh A. (1997)
  6. 6,0 6,1 del Hoyo, et. al (1992)

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Sørhavhest: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Sørhavhest, Fulmarus glacialoides, er ein sjøfuglden sørlege halvkula. Han er ein av to artar i den biologiske slekta Fulmarus i familien Procellariidae, stormfuglfamilien. Den andre arten i slekta er arten havhest, F. glacialis, på den nordlege halvkula.

Sørhavhesten er stort sett bleikgrå på oversida og kvit under med ein karakteristisk kvit flekk på oversida av vengen. Han hekkar langs kysten av Antarktika og på øyane rundt, og flyttar seg nordover om vinteren. Han hekkar i koloniar i fjellskrentar, legg eitt egg på ei hylle eller i ei kløft. Kosthaldet inneheld kril, småfisk og blekksprut.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Sørlig havhest ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src=
Fulmarus glacialoides

Sørlig havhest (vitenskapelig navn Fulmarus glacialoides) er en sjøfugl på den sørlige halvkule. Sammen med nordlig havhest (Fulmarus glacialis) utgjør den slekten Fulmarus i familien egentlige stormfugler (Procellariidae).

Sørlig havhest hekker på øyer i Antarktis, slik som Sør-Sandwichøyene, Sør-Orknøyene, Sør-Shetlandsøyene, Bouvetøya og Peter I Øy. Det finnes også flere kolonier langs Antarktikas kyst.

Det anslås at verdensbestanden er på 4 millioner individer (2004).

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Sørlig havhest: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src= Fulmarus glacialoides