dcsimg

Prærievåk ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Prærievåk (Buteo swainsoni), er ein stor buteo-våk i ordenen Accipitriformes, haukefuglar.

Denne våken har hekkehabitat på prærien og tørre grassletter i det vestlege Nord-Amerika. Han byggjer reir av trepinnar i eit tre eller ein busk eller på ein klippekant. Arten er ein langdistanseflyttfugl, og overvintrar i Argentina.

Prærievåk er ein slank rovfugl, litt mindre enn raudhalevåk (B. jamaicensis). Likevel har prærievåk ein litt lengre vengespenn og tynnare venger enn andre våkar som kretsflyg. Det er hovudsakleg to fargevariantar. Over 90 prosent av individa er av lys morf, den mørke morfen er vanlegast lengst vest i leveområdet:[1]

  • Lys morf av vaksne er kvite på undersida med ein mørk, raudleg flekk på brystet og ein påviseleg kvit hals og flekk i andlet. Undersida av vengene, observert når fuglen kretsflyg, har lys forkant og mørke bakkant, eit mønster unik blant nordamerikanske rovfuglar. Halen er gråbrun med rundt seks smale mørke striper og ein breiare endeband. Oversida er brun. Ungane liknar, men dei mørke partia har bleike flekker, og dei lyse områda, særleg flankane, har mørke flekker. Brystet er bleikt med nokre mørkare flekker. Endebandet på halen er mindre markert. Den første våren kan dei ha bleik hovud på grunn av fjørslitasje.
  • Fuglar av den mørke morfen er mørke brune med unntak av ein ljos flekk under halen. Det er ein raudleg variant som er lysare på undersida med raudlege striper. Begge desse formene har halar som liknar dei på lys morf.

Denne arten eller den umiddelbare forgjengaren er stamfar til galapagosvåk, i følgje nyare forsking. Sistnemnde art skilte seg frå fastlandsfuglane kanskje for berre 300 000 år sidan, ein svært kort tid i evolusjonen.[2] I USA er prærievåk òg kalla 'Grasshopper Hawk' fordi han gjerne beitar på Acrididae-grashopper, og vil grådig ete desse insekta når dei er tilgjengelege.

Ein prærievåk vart observert på Røst i mai 1986, truleg rømt frå fangenskap.[3]

Kjelder

  • Bollmer, Jennifer L.; Kimball, Rebecca T.; Whiteman, Noah Kerness; Sarasola, José Hernán & Parker, Patricia G. (2005): Phylogeography of the Galápagos hawk (Buteo galapagoensis): A recent arrival to the Galápagos Islands. Molecular Phylogenetics and Evolution 39(1): 237–247. doi:10.1016/j.ympev.2005.11.014 PDF fulltext
  • Sibley, David Allen (2000): The Sibley Guide to Birds. Alfred A. Knopf, New York. ISBN 0-679-45122-6

Referansar

  1. Sibley (2000): p.120
  2. Bollmer et al. (2005)
  3. Rapport frå NSKF, 2002

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Prærievåk: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Prærievåk (Buteo swainsoni), er ein stor buteo-våk i ordenen Accipitriformes, haukefuglar.

Denne våken har hekkehabitat på prærien og tørre grassletter i det vestlege Nord-Amerika. Han byggjer reir av trepinnar i eit tre eller ein busk eller på ein klippekant. Arten er ein langdistanseflyttfugl, og overvintrar i Argentina.

Prærievåk er ein slank rovfugl, litt mindre enn raudhalevåk (B. jamaicensis). Likevel har prærievåk ein litt lengre vengespenn og tynnare venger enn andre våkar som kretsflyg. Det er hovudsakleg to fargevariantar. Over 90 prosent av individa er av lys morf, den mørke morfen er vanlegast lengst vest i leveområdet:

Lys morf av vaksne er kvite på undersida med ein mørk, raudleg flekk på brystet og ein påviseleg kvit hals og flekk i andlet. Undersida av vengene, observert når fuglen kretsflyg, har lys forkant og mørke bakkant, eit mønster unik blant nordamerikanske rovfuglar. Halen er gråbrun med rundt seks smale mørke striper og ein breiare endeband. Oversida er brun. Ungane liknar, men dei mørke partia har bleike flekker, og dei lyse områda, særleg flankane, har mørke flekker. Brystet er bleikt med nokre mørkare flekker. Endebandet på halen er mindre markert. Den første våren kan dei ha bleik hovud på grunn av fjørslitasje. Fuglar av den mørke morfen er mørke brune med unntak av ein ljos flekk under halen. Det er ein raudleg variant som er lysare på undersida med raudlege striper. Begge desse formene har halar som liknar dei på lys morf.

Denne arten eller den umiddelbare forgjengaren er stamfar til galapagosvåk, i følgje nyare forsking. Sistnemnde art skilte seg frå fastlandsfuglane kanskje for berre 300 000 år sidan, ein svært kort tid i evolusjonen. I USA er prærievåk òg kalla 'Grasshopper Hawk' fordi han gjerne beitar på Acrididae-grashopper, og vil grådig ete desse insekta når dei er tilgjengelege.

Ein prærievåk vart observert på Røst i mai 1986, truleg rømt frå fangenskap.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Prærievåk ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Prærievåk (vitenskapelig navn Buteo swainsoni) er en våk.

Fuglens hekkehabitat er prærie og tørre gressletter i det vestlige Nord-Amerika. Fuglene bygger et kvistreir i et tre, en busk eller på en klippekant. Arten er en trekkfugl som overvintrer i Argentina.

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Prærievåk: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Prærievåk (vitenskapelig navn Buteo swainsoni) er en våk.

Fuglens hekkehabitat er prærie og tørre gressletter i det vestlige Nord-Amerika. Fuglene bygger et kvistreir i et tre, en busk eller på en klippekant. Arten er en trekkfugl som overvintrer i Argentina.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO