dcsimg

Laksand ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Laksand (Mergus merganser) er ein fugl i andefamilien.

Utsjånad

Hannen har mørkgrønt hovud, svart rygg og nesten kviten vengar. Dei nedre kroppsdelane er kvite med roseraud tone. Hoa har raudbrunt hovud, er oskegrå på oversida og kvit på undersida. Nakkefjørene på hovudet er meir eller mindre forlengde i ein nakketufs. Hoa har mykje lengre fjør i nakken enn hannen. Fuglen er 60-70 cm lang og vengespennet 78-94 cm. Vekta er 1200-2000 gram. Nebben er lang og rund og har lamellar i form av sagtenner, som i det minste på overnebben er retta bakover. Nebben utgjer eit gripeorgan som er godt egna til å ta småfisk og halde dei fast. Overnebben er nedbøygd lengst framme og går ned framom undernebben som ein hake.

Utbreiing og taksonomi

Laksanda er utbreidd på den nordlege halvkula, om sommaren mest mellom femti og sytti grader nord. Arten hekkar i det nordlege Europa frå Island og Storbritannia i vest, gjennom Skandinavia, Baltikum og det sentrale Asia austover til Japan. Laksanda hekkar også i dei nordlege delane av Nord-Amerika. Det finst også hekkande laksender lengre sør i meir flekkvis utbreiing, som i Frankrike og i området kring Albania, Makedonia og Hellas og i Sentral-Asia.

Laksanda vert delt i tre underarter.

  • Mergus merganser merganser, nominatforma som hekkar i Europa.
  • Mergus merganser orientalis, den austlege underarten som hekkar i Sentralasia.
  • Mergus merganser americanus, hekkar i Nord-Amerika.

Størsteparten av verdspopulasjonen av arten er trekkfuglar, men det finst område der arten kan sjåast året rundt.

Førekomst i Noreg

Laksanda førekjem meir eller mindre vanleg i alle delar av landet, men hekkar fåtalig eller sjeldan på Vestlandet. I Sør-Noreg er arten i stor grad ein innlandsfugl som er vanlegast austafjells og hekkar ved dei fleste større vatn og elvar frå Telemark, gjennom Oppland og Hedmark til Trøndelag. I Nord-Noreg hekkar arten på same slags stader som lengre sør, men her hekkar laksanda fåtalig til ytst på kysten. Den norske hekkebestanden har vore taksert til 2000 par.

Hekking

Laksanda hekkar frå låglandet til opp i vierregionen og trivst der det er klart vatn med mykje fisk. Ho plasserer reiret i hol i tre og i andeholkar, men der slikt ikkje finst, hekkar ho på marka, i bergsprekker, under steinar og hus eller i holrom på marka. Dei 7-8 gulaktige egga legg hoa i første halvdelen av mai i Sør-Noreg og i siste halvdelen av mai og i juni i Finnmark. Det førekjem at laksendene parasitterer i reira til kvarandre. Ut på sommaren kan heile laksandfamiliar sjåast der dei i plogform sym med hovudet under vatn langs strandkantar og i elvar.

Føde

Laksand et fisk av ulikt slag, som lodde og sil.

Trekktilhøve

Laksendene flyg sørover i september-oktober til det vestlege og sentrale Europa, men kring 3000 fuglar brukar årleg å halde seg langs kysten og i opne vassdrag vinterstid i Noreg. På våren flyg dei nordover att, og til Aust-Finnmark kjem dei i byrjinga av mai.

Eit omfattande myte- og næringstrekk av hannar går til kysten av Nord-Troms, Finnmark og Kolahalvøya. Fuglar lengre sørfrå kjem til Finnmark, og i munningane av dei store elvane, spesielt i Tana, samlar det seg store flokkar utover sommaren.

Kjelder

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Laksand: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Laksand (Mergus merganser) er ein fugl i andefamilien.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Laksand ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src=
Mergus merganser

Laksand (Mergus merganser) er fiskeand som tilhører andefamilien.

Laksanda er en ganske stor andefugl. Lever i Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika. Lever mest ved elver og vann og kan hekke i trehuler. Det er lett å se forskjell på hanner og hunner. Hannen har mørke grønt hode mens hunnen har brunlig.

De er for det meste fiskeetere og har tagger i nebbet som hjelper dem å holde på fisken. De eter også snegler og muslinger. De unge fuglene eter vanninsekter den første tiden. En undersøkelse fra Altaelva[1] beskriver næringsinntaket:

Ut fra simuleringer vil 200 fiskender i løpet av 30 dager kunne spise et sted mellom 78 000 og 136 000 presmolt. I mageinnholdet til 60 skutte ender (både unger, voksne laksender og silender) ble det funnet 606 laks (90 %) 3 ørret (0,4 %) 13 røye (1,9 %)

I Norge kan det drives jakt på laksand fra 10.september til 23.desember.

Referanser

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Laksand: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src= Mergus merganser

Laksand (Mergus merganser) er fiskeand som tilhører andefamilien.

Laksanda er en ganske stor andefugl. Lever i Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika. Lever mest ved elver og vann og kan hekke i trehuler. Det er lett å se forskjell på hanner og hunner. Hannen har mørke grønt hode mens hunnen har brunlig.

De er for det meste fiskeetere og har tagger i nebbet som hjelper dem å holde på fisken. De eter også snegler og muslinger. De unge fuglene eter vanninsekter den første tiden. En undersøkelse fra Altaelva beskriver næringsinntaket:

Ut fra simuleringer vil 200 fiskender i løpet av 30 dager kunne spise et sted mellom 78 000 og 136 000 presmolt. I mageinnholdet til 60 skutte ender (både unger, voksne laksender og silender) ble det funnet 606 laks (90 %) 3 ørret (0,4 %) 13 røye (1,9 %)

I Norge kan det drives jakt på laksand fra 10.september til 23.desember.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO