dcsimg

Bokfink ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Bokfinken (Fringilla coelebs) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 15 cm lang, og veg rundt 20 gram.

 src=
Hofugl.
 src=
Fringilla coelebs

Bokfinken har to tydelege kvite vengeband, og issen og nakken er blågrå. Dei ytste stjertfjøra er kvite, og andletet og brystet er brunraudt. Hoa har ei mørk, grøngrå overside, men på undersida er ho ljosare.

Bokfinken hekkar på same stedet kvart år. Reiret vert bygt i tre og ser ut som ei djup skål som er pynta med mose og lav. Bokfinken hekkar i apriljuli og han legg tre til seks egg. Rugetida er 13 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13–14 dagar. Bokfinken kan få to kull om året.

Bokfinken er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.

Trekktilhøve

Dei fleste bokfinkane flyg ut av Noreg i september-oktober. Nokre få allereie i august. Trekket går mot sør gjennom Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Nokre overvintrar i desse landa. De fleste flyg vidare frå Belgia til Storbritannia og nokre til Irland. Eit mindretal fuglar flyg beint over Nordsjøen til desse øyane. Nokre norske hekkefuglar reiser sørover for å overvintre i det sørvestlege Europa. Eit fåtal bokfinkar overvintrar i Noreg. Bokfinkane kjem att i marsapril, og då kjem hannen eit par veker før hoa. Bokfinken har difor fått det latinske namnet coelebs som tyder 'ugift'. Når hoa kjem, jagar hannen sint alle rivalane sine vekk i frå området sitt.

Kjelder og bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bokfink
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Bokfink: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Bokfinken (Fringilla coelebs) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 15 cm lang, og veg rundt 20 gram.

 src= Hofugl. src= Fringilla coelebs