dcsimg

Aspargesordenen ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Asparagales er en orden av einfrøblada plantar. Dei fleste artane i ordenen høyrer til i orkidéfamilien, som kanskje er den største familien av blomsterplantar, men nokre av dei andre familiane er også artsrike. Asparagales omfattar omtrent halvparten av alle einfrøblada planter og 10–15 % av alle blomsterplantar. Ordenen omfattar fleire kulturelt og økonomisk viktige artar, som smaksgjevarane lauk, kvitlauk, purre, asparges og vanilje, og prydblomar som Freesia, Gladiolus, Iris, orkidear, dagliljer, liljekonvall og påskeliljefamilien.

I eldre systematikk, slik som Cronquist-systemet, blei desse plantene rekna til Liliales, og nokre var med i den store liljefamilien (Liliaceae). Molekylærgenetikk viser at Asparagales er ei naturleg gruppe, men gruppa er vanskeleg å definera ut frå morfologi. Dei fleste artane i ordenen er fleirårige urteplantar (staudar), men nokre er klatreplantar og andre veks meir som tre. Mange plantar har også organ til å lagar næring i, som lauk, jordstengel eller rotknoll. Blada dannar som regel ein bladrosett, gjerne heilt nede ved bakken eller heilt i toppen, men ein del har også blad langs stengelen. Blomane er «liljeaktige» med seks blomeblad og opptil seks pollenberarar.

Plantane i ordenen skilde seg truleg ut frå andre einfrøbladingar for rundt 120–130 millionar å sidan, tidleg i krittida. Problem med å klassifisera familiane det er snakk om gjer at slike estimat er usikre.

Det har vore mange oppfatningar om systematikken i gruppa. Denne artikkelen følgjer APG IV-systemet med 14 familiar. Aloefamilien (Asphodelaceae), laukfamilien (Amaryllidaceae) og aspargesfamilien (Asparagaceae) er utvida ved at fleire tidlegare familiar no har status som underfamiliar. Orkidéfamilien (Orchidaceae) er systergruppe til resten av Asparagales.

Delgrupper

Kladogrammet under viser slektskapa ein meiner finst innanfor Asparagales. Norske namn følgjer Artsdatabanken.

Asparagales

orkidéfamilien (Orchidaceae)

Boryaceae

Hypoxidaceae s.l.

Blandfordiaceae

Lanariaceae

Asteliaceae

Hypoxidaceae

Ixioliriaceae

Tecophilaeaceae

Doryanthaceae

sverdliljefamilien (Iridaceae)

Xeronemataceae

aloefamilien (Asphodelaceae s.l.)

Hemerocallidoideae (= Hemerocallidaceae, «dagliljefamilien»)

Xanthorrhoeoideae (= Xanthorrhoeaceae s.s.)

Asphodeloideae (= Asphodelaceae,
«aloefamilien» i snever tyding)

'core' Asparagales laukfamilien (Amaryllidaceae s.l.)

Agapanthoideae (= Agapanthaceae)

Allioideae (= Alliaceae s.s.,
«laukfamilien» i snever tyding)

Amaryllidoideae (= Amaryllidaceae s.s.,
«narsissfamilien»)

aspargesfamilien (Asparagaceae s.l.)

Aphyllanthoideae (= Aphyllanthaceae)

Brodiaeoideae (= Themidaceae)

Scilloideae (= Hyacinthaceae,
«hyasintfamilien»)

Agavoideae (= Agavaceae, «agavefamilien»)

Lomandroideae (= Laxmanniaceae)

Asparagoideae (= Asparagaceae s.s.,
«aspargesfamilien» i snever tyding)

Nolinoideae (= Ruscaceae)

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Aspargesordenen: Brief Summary ( Norwegian )