dcsimg

Steinnype ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Steinnype eller klunger (Rosa canina) er ei plante i rosefamilien. Den er ein 1,5-5 m høg klatrande busk med kraftige seglkrumma tornar og 1-2 cm lange nyper. Det veks ofte fleire planter saman, som rosekratt, kjerr eller klunger. Blomsten er kvitaktig eller rosafarga, og blir til vanleg kalla nyperose.

Steinnypa er lyskrevande, men toler vind og er eigna til mellomtørr, leirete jord, såvel som kalkrik sandjord, medan ho er ueigna til fattig sur jord. Planta dannar rotutløparar og veks raskt. Greinene dannar lange ranker som kan klatre høgt i nabotrea. Rosa toler beskjering. Ho blomstrar i juni-juli. Dei modne nypene er fuglemat om hausten. Steinnypa er veleigna til kantplanting i vilt- og leplantingar og skogbryn.

Planta kan finnast over store delar av verda, men veks helst på tørre stader. I Noreg er ho funnen langs kysten frå Akershus i sør til Trøndelag i nord.

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rosa canina
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steinnype

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Steinnype: Brief Summary ( Norwegian )