dcsimg

Praktspett ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Praktspett (Melanerpes pulcher) er ein liten til mellomstor hakkespett som lever i eit avgrensa område i sentrale, nordlege Colombia.

Skildring

Praktspetten har kroppslengd på 17 til 18 centimeter. Som artsnamnet ymtar om er fjørdrakta fargerik, denne arten har kvit rygg og overgump, svarte venger med blåleg glans og svart stjert, eit svart band frå auga bak til skuldrene. Undersida er kvit med svarte tverrstriper, men nederst har han ein raud flekk midt på buken. Hals og brystområdet er i lyst gult. Panna er kvit, krona er kolsvart hos hoer, raud hos hannar, nakken flammeraud med gult nederst hos begge kjønn. Hoer er elles litt mindre enn hannar og har litt kortare nebb. Ein trur begge kjønn kan tromme, dei har eit høgt knirkande læte i tre tonar, men kan òg gje triller.

Leveområdet for praktspetten er skogshabitat mellom 400 og 1500 moh. Utbreiingsområdet er Magdalena-dalen. Dei er standfuglar.

Dietten er variert, dei plukkar insekt, biller og larver, termittar og liknande smådyr, men et òg fiken, bananar og andre frukter. Dei kan snappe insekt i flukt.

Populasjonen har ukjent storleik, men er trudd å vere stabil.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Praktspett: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Praktspett (Melanerpes pulcher) er ein liten til mellomstor hakkespett som lever i eit avgrensa område i sentrale, nordlege Colombia.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN