dcsimg
Image of Norway spruce
Creatures » » Plants » » Gymnosperms » » Pines »

Norway Spruce

Picea abies (L.) H. Karst.

Gran ( Norwegian )

provided by wikipedia NN
For kommunen i Oppland, sjå Gran kommune. For andre tydingar, sjå gran (fleirtyding).

Gran (Picea abies) er eit tre i granslekta som er svært vanleg i Norden. Dette bartreet blir ofte kalla norsk gran, skogsgran eller vanleg gran for å skilja det frå andre grantypar.

Grantre blir brukt som planke- og møbelmateriale, som råstoff til å laga tremasse, cellulose, papir og kartong. Det er òg brukt til dekorasjon, særleg som juletre.

 src=
Grein, kongle og frø
 src=
Picea abies

Skildring

Grantre er tette bartre med mange kvasse nåler på 12–24 mm. Treet er tvekjønna og blømer i maijuni. Dei om lag 4 cm lange, raude eller lysegrøne hoblomane står ytst på dei øvre greinene medan dei mindre hannblomane veks lenger nede og nær krona. Konglane er dei lengste i granslekta og blir 9–17 cm lange.

Rotsystemet spreier seg utover, slik at trea ikkje har feste djupt i jorda. Dei kan derfor lett blåsa overende i sterk vind, særleg om jorda er grunn eller oppbløytt. I Noreg kan treet bli opptil 50 meter høgt med ein stammediameter på opptil 1,5 meter.

Grantrea kan ha ulike former ut frå kvar dei veks. Trea er ofte kjegleforma, gjerne med rette greiner som står vassrett ut frå stammen. I område med mykje snøfall kan greinene vera korte og peika nedover for å minska vekta dei må bera om vinteren. Andre veksttypar av gran er kamgran, som har tynne greiner hengande som hår, og slangegran, eit tre med svært få sidegreiner. Krypande tre som slår rot frå greinene kan ein finna i verharde område, på fjellet og langs kysten.

Gran kan bli 200–300 år gammalt. Ho veks best på fuktig, næringsrik jord, men kan godt tola skugge. For å trivast treng treet stabilt vinterklima.

Utbreiing

 src=
Granskog i Vestfold.
Foto: K.A. Gallis

Det veks gran over heile Nordausteuropa, austover frå Noreg og Polen, og i fjella i Sentral-Europa. Uralfjella utgjer eit skilje der underarten Picea obovata tek over på austsida.

Treet kom først til Noreg for om lag tre tusen år sidan, men er no eitt av dei vanlegaste i landet, og fortsatt under utbreiing. Det veks naturleg dei fleste stader, bortsett frå på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det finst likevel enkelte spreidde bestandar så langt nord som i Karasjok og Sør-Varanger.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gran

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gran: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN
For kommunen i Oppland, sjå Gran kommune. For andre tydingar, sjå gran (fleirtyding).

Gran (Picea abies) er eit tre i granslekta som er svært vanleg i Norden. Dette bartreet blir ofte kalla norsk gran, skogsgran eller vanleg gran for å skilja det frå andre grantypar.

Grantre blir brukt som planke- og møbelmateriale, som råstoff til å laga tremasse, cellulose, papir og kartong. Det er òg brukt til dekorasjon, særleg som juletre.

 src= Grein, kongle og frø  src= Picea abies
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN