dcsimg

Todrakttjeld ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Todrakttjeld, Haematopus unicolor, er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er endemisk til New Zealand og kan treffast langs kysten på begge hovudøyane og dei næraste, mindre øyar inkludert Stewart Island/Rakiura og småøyar rundt Stewart Island.

Skildring

 src=
Svart-kvit variant i Wellington Harbour
Foto: Tony Wills

Todrakttjeld er ein relativt stor tjeldart, ca 48 centimeter med kroppssvekt på 725 gram. Første delen av trivialnamnet, «todrakt», refererer til variasjon i fjørdrakta, todrakttjeld kan ha begge dei framtredande fjørdraktene som er utbreidde i tjeldfamilien, heilt svart drakt, og svart på oversida og kvit på undersida. Han har dessutan ei mellomform, soleis kan eit individ av arten anten vere heilt svart, svartkvit eller svart med varierande mengd kvite flekker på undersida. I alle drakttypar har dei raudt eller oransje nebb og oransje augering og lyseraude føter. Hofuglar er litt større enn hannar, særleg nebblengda skil seg litt.

Ein kan finne todrakttjelden langs store delar av kysten, på Nordøya er han mest vanleg langs nordaustkysten frå Mahia Peninsula til North Cape. På Sørøya er han sjeldan på delar av austkysten nord for Dunedin. Meir enn halve populasjonen lever på Nordøya. Hekkeområdet og overvintringsområdet er mykje det same, men nokre fuglar kan trekke mot estuar om vinteren.

Dietten består av muslingar, makk og krabbar, og andre virvellause dyr som dei finn på sandstrender og mudderflater. Dei kan anten opne muslingane eller hakke gjennom skala. Berre sjeldan søkjer dei mat ved sandstender eller på grasmark.

Mange todrakttjeldpar vernar eit territorium heile året og para held saman over fleire år. Reira er enkle, grunne skraper i sand eller grus, litt over springflodmål. Dei kan òg hekke ved innsjøar opp til 30 kilometer inn i landet, til dømes ved Lake Wairarapa. Kullet er vanlegvis på 2-3, maksimum 5 egg. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar og ungane kan flyge etter 6-7 veker. Dei er 3 år nå dei blir hekkefuglar, og det eldste kjente individet av todrakttjeld blei over 27 år.

Arten har status som verna utan å vere trua, og bestanden er estimert til ca. 4 000 individ (2005), og er trudd å vere aukande.[1]

Kjelder

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Todrakttjeld
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Todrakttjeld: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Todrakttjeld, Haematopus unicolor, er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er endemisk til New Zealand og kan treffast langs kysten på begge hovudøyane og dei næraste, mindre øyar inkludert Stewart Island/Rakiura og småøyar rundt Stewart Island.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN