dcsimg

Sildefisk ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Sildefisk (Clupeiformes) er ein orden beinfisk utbreidd i alle hav. Mange av artane er økonomisk viktige, om ikkje i like stor grad no som før. Somme artar lever òg i ferskvatn. Alle artane er sølvfarga og blanke plankton-etarar som lever i stim. Ein reknar gruppa som ei av dei meir primitive beinfiskgruppene ut frå finneplassering og indre anatomi.

I norske farvatn er det registrert seks artar sildefisk; sild, brisling, ansjos, sardin, maisild og stamsild. På verdsbasis reknar me med rundt 300 artar fordelt på fem familiar.

Skildring

Sildefisk er sølvglinsande og har djupt kløfta halefinne. Finnestrålane er mjuke og har ledd. Mellom dei mest markante primitive trekka dei framviser kan me nemna at bukfinnane sit langt bak og brystfinnane langt nede mot undersida av dyret. Dei har symjeblære, som står i samband med svelget på dyret.

Alle sildefiskar er stimfisk som vandrar rundt i havet og beitar på plankton. Ein trur vandringsrutene deira er tillærte (ikkje genetisk betinga).

Kjelder

  • Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: «Sildefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Sildefisk: Brief Summary ( Norueguês )