dcsimg
Imagem de Allium textile A. Nelson & J. F. Macbr.
Life » » Archaeplastida » » Angiosperms » » Amaryllidaceae »

Allium textile A. Nelson & J. F. Macbr.

Allium textile ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Allium textile er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i dei sentrale delar av Nord-Amerika.

 src=
Teikning av Allium textile

Skildring

A. textile har eggforma laukar som kan bli opptil 2,5 cm lange. Skafta blir opptil 40 cm høge, og har runde tverrsnitt. Blomane er klokke-eller urneforma, med ein diameter på rundt 6 mm. Kronblada er kvite eller rosa med raudbrune with reddish-brown midtnverver. Pollen og mjølberarar er gule.

Habitat og utbreiing

Allium textile veks på tørre, opplyste stader i høgder på 300–2400 m.[1][2][3][4][5][6][7]

Det naturleg leveområdet til A. textile strekkjer seg over Great Plains i Nord-Amerika frå Oklahoma til Montana og Minnesota, i Rocky Mountain og Great Basin-delstatar frå nordlege New Mexico til Washington og dei kanadiske provinsane Alberta, Saskatchewan og Manitoba. Ein har også funne ein isolert populasjon i Indiana.[1][8]

Namn

Engelske namn på lauken er Prairie Onion, White Wild Onion og Textile Onion.

Vitskapleg synonym er:

  • Allium aridum Rydb.
  • Allium geyeri S. Watson var. textile (A. Nelson & J.F. Macbr.) B. Boivin
  • Allium reticulatum G. Don
  • Allium reticulatum G. Don var. playanum M.E. Jones

Kjelder

  1. 1,0 1,1 McNeal Jr., Dale W.; Jacobsen, T. D., «Allium textile», Flora of North America Editorial Committee
  2. Nelson, Aven; Macbride, James Francis (1913). «Western Plant Studies. II». Botanical Gazette 56 (6): 470.
  3. Presl, Jan Svatopluk; Presl, Carl Bořivoj (1819). Flora Čechica. s. 73.
  4. Don, George (1832) [written 1826]. «A Monograph of the Genus Allium». Memoirs of the Wernerian Natural History Society 6. s. 36.
  5. Cronquist, A.J.; Holmgren, A. H.; Holmgren, N. H.; Reveal, J. L.; Holmgren, P. K., red. (1977). Vascular Plants of the Intermountain West, U.S.A. Intermountain Flora 6 (New York: Hafner Publishing Company). s. 1–584.
  6. Great Plains Flora Association, red. (1986). Flora of the Great Plains. Lawrence: University Press of Kansas.
  7. Moss, E. H. (1983). Flora of Alberta (2 utg.). University of Toronto Press.
  8. «Allium textile», County-level distribution map from the North American Plant Atlas (NAPA) (Biota of North America Program (BONAP)), 2014

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Allium textile
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Allium textile: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Allium textile er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i dei sentrale delar av Nord-Amerika.

 src= Teikning av Allium textile
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN