dcsimg

Boyacastifthale ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Boyacastifthale (Synallaxis subpudica) er ein fugl i omnfuglfamilien. Han er endemisk til Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.[1]

Skildring

Boyacastifthalen er ein liten omnfugl med kroppslengd på rundt 17 til 18 centimeter inklusive den lange halen med to tuppar. Krona og vengefjørene er raudbrune, ryggen og halen brun, elles er denne stiftehalen gråleg med innblanda brunt på undersida og med ein mørk strupeflekk.

Han lever helst i utkanten av skog og gjenreist skog, i utkanten av våt tåkeskog, mellom 2100 og 3200 moh.

Reiret er av småpinnar, overbygd med sideinngang og kan ligge i vegetasjonen rundt to meter over bakken.

Storleiken på populasjonen er rekna som stabil, men han er ikkje estimert. Arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet, og IUCN har kategorisert han som livskraftig, LC.[1]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Boyacastifthale: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Boyacastifthale (Synallaxis subpudica) er ein fugl i omnfuglfamilien. Han er endemisk til Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN