dcsimg

Pinnedyr ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Pinnedyr eller vandrande pinnar (Phasmida eller Phasmatodea) er ein orden insekt med ufullstendig forvandling. Dei lever helst i tropiske strøk, og har artar som høyrer med mellom dei største insekta me kjenner til. Gruppa har 2 600 artar, men ingen av desse førekjem naturleg i Nord-Europa.

Kjenneteikn

Pinnedyr, som òg omfattar vandrande blad, er store til særs store insekt. Dei fleste artane er fire centimeter eller mindre, men somme former kan bli så mykje som 35 centimeter lange. Kroppane deira liknar rettvengjer i oppbygnad, og er som regel ganske avlange. Det første brystsegmentet er kort, medan dei to bakerste brystsegmenta er forlenga. Eggleggingsrøyret på bakkroppen er veikt, og haletrådane er utan ledd.

Pinnedyra har vifteforma bakvengjer og fråverande eller læraktige korte dekkvengjer. Mange artar er òg heilt eller delvis vengjelause - ofte er det slik at berre hannane kan å flyga. Det er i det store og det heile ofte store kjønnsskilnadar innanfor dei ulike artane - ved mange høve har hann og ho fått ulike namn før ein har funne ut at dei i røynda var same art.

Pinnedyra er meistrar i kamuflasje. Dei fleste etterliknar pinnar, men somme liknar på blad i staden. Hjå nokre av artane er tilmed egga kamuflerte til å likna frø frå planten dyra lever på. Dei er planteetarar med bitande munndelar.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Pinnedyr: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Pinnedyr eller vandrande pinnar (Phasmida eller Phasmatodea) er ein orden insekt med ufullstendig forvandling. Dei lever helst i tropiske strøk, og har artar som høyrer med mellom dei største insekta me kjenner til. Gruppa har 2 600 artar, men ingen av desse førekjem naturleg i Nord-Europa.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN