Lækjeveronika (Veronica officinalis) er ei fleirårig urt i maskeblomsterfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing.
Lækjeveronika er ei om lag 10 cm høg plante med ein krypande stengel med opprett topp. Klasen kan bli toppstilt når den trengjer det korte toppskottet til side. Planten har grågrøne stivhåra blad. Klaseskaft, blomsterskaft og beger er kjertelhåra. Krona er fiolett eller blå og 6 mm brei. Kapselen er lengre enn begeret. Lækjeveronika blømer kring juni i turre mosegrodde bakkar og skogkantar. På Hardangervidda er arten funnen opp til 1150 m høgde.