Pomelo (Citrus maxima) er ein art i sitrusslekta som stammar frå Søraust-Asia. Frukta er ei stor, pæreforma sitrusfrukt med grøngult skal og gult, raudt eller grønt fruktkjøt. Ei frukt kan vega opptil 10 kg. Det tjukke skalet, som utgjer over halvparten av vekta til frukta, kan brukast til å laga sukat. Pomelo kan minna om grapefrukt, men fruktkjøtet er søtt og har ikkje same beiske smak. Pomelo er ein av opphavsplantane til appelsin, grapefrukt, tangelo, mandelo og andre sitrushybridar.