Puertoricotanagar (Nesospingus speculiferus) er ein mellomstor, altetande fugl med uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Han er endemisk til øya Puerto Rico.
Som namnet ymtar om har han vore rekna som medlem i tanagarfamilien, men frå 2017 lista som ein ny familie Nesospingidae i EBird/Clements Checklist.[1]
Puertoricotanagaren er 18 til 20 centimeter i kroppslengd. Kjønna har lik fjørdrakt: hovudet og oversida er mørk gråbrun til olivengrøn, strupen er kvit og resten av undersida nær kvit med lys grålege område. Nebbet er kort og kraftig. Dei lever helst i fuktige skogsområde og i plantasjar mellom 200 og 1330 moh. Her beitar dei på både frukter, leddyr og virveldyr som små øgler og froskar. Dei kan beite høgt i trekroner og flyg sjeldan.[2]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]
Puertoricotanagar (Nesospingus speculiferus) er ein mellomstor, altetande fugl med uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Han er endemisk til øya Puerto Rico.
Som namnet ymtar om har han vore rekna som medlem i tanagarfamilien, men frå 2017 lista som ein ny familie Nesospingidae i EBird/Clements Checklist.