dcsimg

Lomvi ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Lomvi (Uria aalge) er ein sjøfugl i alkefamilien. Han har svart og kvit fjørdrakt. Lomvi finst i Nord-Atlanteren og det nordlege Stillehavet.

 src=
Lomvi og ringvi. Bildet er frå Runde i Møre og Romsdal
Foto: T. Müller
 src=
Flygnade ringvi
Foto: Andreas Trepte

Utsjånad

Lomvien er 38–46 cm lang pluss føtene som stikk ut om lag 4 cm. Vengespennet er 61–73 cm og ein vaksen fugl veg kring 1 kg. Kjønna er like. Om sommaren er fuglen brunsvart på hovud, rygg, vele, oversida på vengane og undersida av svingfjørene. Undersida er kvit liksom dekkfjørene under. Nebben er lang og spiss (spissare enn hos alke) og når fuglen flyg stikk dei gråsvarte føtene ut bakom fuglen. En viss prosent (som aukar dess lengre nord ein kjem) har ein kvit ring rundt auga og ein kvit strek bakover kinna. Desse vert kalla ringvi. Om vinteren er haka og området bakom auga kvite.

Læte

Ved koloniane er det mykje læte i lomviane. Det vanlegaste er eit oppatteke nasalt wha wha wha som går over i eit skrikande læte. I flukt er lomvien still.

Utbreiing og taksonomi

Fuglen hekkar i det nordlege Europa; på Island, i kystbandet i Skandinavia, Storbritannia og langs store delar av Atlanterhavskysten, i Asia; i Russland, Nord-Korea og Japan, i Nord-Amerika; i Alaska, Canada, USA og på Grønland.

Arten vert delt inn i fem underartar:

Førekomst i Noreg

I Noreg hekkar fuglen spreidd i fuglefjell frå Agder til Finnmark. Dei største koloniane er på Røst og nordover og femnar om meir enn 90 % av den norske bestanden. Lomvien er svært sosial og hekkar i tette koloniar i fuglefjell. Fuglane bygg ikkje reir og legg egga direkte på fjellet. Lomviane likar opne, breie fjellhyller og større, flate areal på toppen av fuglefjellet. I Noreg har det vore store endringar i lomvibestanden, og på 1990-talet hekka det mindre enn 30 000 par på fastlandet. Hjelmsøy i Vest-Finnmark var ein gong den desidert største kolonien i landet, og i 1965 vart talet hekkande par rekna til 110 tusen, men sidan den gongen har talet minka kraftig: 70 tusen par i 1975, 5 000 par i 1986 og 1000 par året etter. Også på Nord-Fugløy og Røst har fugletalet gått kraftig attende. Nedgangen kjem m.a. av at lomviar har drukna i fiskegarn. Lengre aust, i Aust-Finnmark, var det ein mindre tilbakegang fram til 1975, og så ein liten auke. Deretter vart bestanden redusert med 80-90 % som følgje av kollaps hos lodda.

 src=
Lomviegg.

Hekking

Lomvi hekkar ikkje før fuglen er 4-5 år gammal. Hoa legg eitt egg i mai eller juni. Lomvi lagar ikkje reir, men legg egga direkte på berget. Eggeskalet er sjølvreinsande. Egga er også pyramideforma i eine enden, noko som kan hindra dei i å rulla ned frå fugleklippene.[2]

Begge foreldra rugar i 32 døgn. Ungen er sjølvstendig etter kort tid. Han har tett dundrakt og vert mata med fisk.

Kjelder

Fotnotar

  1. artsdatabanken.no
  2. Victoria Gill, Guillemot eggs are self-cleaning, bbc.co.uk (5 July 2013)

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Uria aalge
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lomvi
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Lomvi: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Lomvi (Uria aalge) er ein sjøfugl i alkefamilien. Han har svart og kvit fjørdrakt. Lomvi finst i Nord-Atlanteren og det nordlege Stillehavet.

 src= Lomvi og ringvi. Bildet er frå Runde i Møre og RomsdalFoto: T. Müller  src= Flygnade ringviFoto: Andreas Trepte
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN