dcsimg

Tyrannfamilien ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tyrannar, Tyrannidae, er ein familie av sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Dette er ein familie med utbreiing utelukkande i «den nye verda», og finst i heile Nord- og Sør-Amerika, men i hovudsak har dei ein tropisk distribusjon. Dette er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie, han har over 420 artar. Dette er òg den mest artsrike familien i alle amerikanske land, bortsett frå i USA og Canada. Ikkje uventa for ein familie med så mange artar, så varierer medlemmene sterkt både i form, mønstre og fargar. Nokre tyrannar liknar tilsynelatande på flugesnapparar i «den gamle verda».

Skildring

Dei fleste, men ikkje alle, er ganske lite iaugefallande, og mange har oppreist fjørtopp på hovudet. Som namnet på engelsk ymtar om, 'Tyrant flycatcher', er dei fleste insektetarar, men somme tar frukt eller små virveldyr, for eksempel små froskar. Dei to minste artane i familien, korthaleknøttyrann og svartkroneknøttyrann, er nært i slekt. Med ei total lengd på berre 6,5-6,8 cm og ei vekt på 4-5 gram, så er dette den minste sporvefuglen på jorda. Den største tyrannen er den store storrovtyrann på 29 cm og 88 gram. Nokre få artar som strimmelhaletyrann og gaffeltyrann har ei større totallengd, hovudsakleg på grunn av lange stjertfjør.

Habitat og distribusjon

Artsrikdommen i Tyrannidae varierer mykje med habitat. Habitat i eviggrøne tropiske skogar har høgast utval av artar. Minst diversitet har mellom anna habitat med palmeskog, elver, høglandsmåskog og nordlege grassletter. Tyrannane er svært spesialiserte i eviggrøne tropiske skogar, til dømes har slike habitat i lågland 49 endemiske artar og i eviggrøne tropiske skogar høgland 46 endemiske artar. Den søratlantiske kysten har signifikant høgast artsmangfald, med Manabí-Tumbes regionen tett bak.

Vernestatus

Nordglattyrannulett (Camptostoma imberbe) og rosenstrupebekard (Pachyramphus aglaiae) er verna i USA etter 'trekkfugltraktaten 1918'. Begge desse artane er vanlege sør for riksgrensa Mexico - USA. Situasjonen for ei rekkje andre artar i Sør-og Mellom-Amerika er langt meir vanskeleg. BirdLife International, og gjennom dei IUCN rekna i 2007 to artar, minasgeraisbladdansar og okertodityrann å vere kritisk truga. Begge er endemiske til Brasil. I tillegg vart 7 andre artar vurdert som truga og 18 som sårbare.

Systematikk

Etter somme nyare inndelingar av grupper i biologisk systematikk er ei rekkje artar (ca. 30 artar) som tidlegare var inkludert i Tyrannidae no skilt ut i familien Tityridae.

Tyrannar er medlemmer av underorden Tyranni, artar av Passeriformes som ikkje har avanserte songevner.

Slektoversyn

Slekter av tyrannar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

Referansar

  1. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tyrannfamilien: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tyrannar, Tyrannidae, er ein familie av sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Dette er ein familie med utbreiing utelukkande i «den nye verda», og finst i heile Nord- og Sør-Amerika, men i hovudsak har dei ein tropisk distribusjon. Dette er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie, han har over 420 artar. Dette er òg den mest artsrike familien i alle amerikanske land, bortsett frå i USA og Canada. Ikkje uventa for ein familie med så mange artar, så varierer medlemmene sterkt både i form, mønstre og fargar. Nokre tyrannar liknar tilsynelatande på flugesnapparar i «den gamle verda».

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN