Sancristobalspottefugl (Mimus melanotis) er ein spottefugl i den biologiske slekta Mimus som er endemisk til øya San Cristóbal, Galápagosøyane, Ecuador. Han er ein av fire nært nærskylde spottefuglartar som er endemisk til øygruppa.
Sancristobalspottefuglar har middels kroppslengd for slekta, 25-26 centimeter, men har mindre masse, gjennomsnittleg 48 og 53 gram for hofuglar og hannfuglar høvesvis.[1] Utsjånaden er ein mellomting mellom artane galapagosspottefugl og espanolaspottefugl,[2] nebbet er merkbart kortare hos sancristobalspottefugl enn begge dei to andre. Fjørdrakta er litt streka gråbrun med ein lys, nær kvit buk. Tygelområdet mellom overkant av nebbrota og auget er iaugefallande svart.
Dei lever spreitt over heile øya, opptar totalt over ca. ein firedel av arealet,[3] her finst dei på nokså opne område, unngår tett skog og kratt. Som dei andre spottefuglane på øygruppa er dei altetarar, men føretrekker leddyr som dei plukkar på bakken.[1]
Storleiken på populasjonen er estimert til 5300 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[4]