Påskelilje er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk.
Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.
Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.