dcsimg

Duefuglar ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Duefuglar er ein biologisk orden, Columbiformes, med nolevande fuglar frå ein familie: Dei talrike og vidspreidde duene, Columbidae.

Duene har eit kranium som minner om det på måsar. Brystmuskulaturen er kraftig og baktærne velutvikla. Fjørene sit laust og manglar dun, i staden er dekkefjøra dunaktige.

Dei et særleg frø og har ei velutvikla kro. Nasebora kan stengast og dei kan drikka utan å løfta hovudet.

Sandhønsfamilien var tidlegare rekna til denne ordenen, men er seinare blitt skilde ut i den eigne ordenen Pteroclidiformes. Dei no utdøydde drontane, Raphidae, var òg medlem av ordenen duefuglar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Duefuglar
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Duefuglar: Brief Summary ( Norueguês )