Mangereflugeskvett (Petroica traversi) er ein sterkt truga sporvefugl i flugeskvettfamilien med leveområde avgrensa til Chathamøyane utanfor austkysten av New Zealand. Han er nært nærskyld stripeflugeskvett ( P. australis). I motsetnad til slektningane på fastlandet, er flygeevna noko redusert. Evolusjon i fråvære av rovdyr gjort han sårbar for introduserte artar som kattar og rotter, og han vart utrydda på hovudøya i Chathamøyane før 1871. Det norske artsnamnet reflekterer at arten overlevde på Little Mangere Island til 1938 før vernetiltak kom i gang. I 2011 var det trudd å eksistere 260 individ av arten, dei fleste på Rangatira-øya.[1]
Mangereflugeskvetten er ein liten, sporvestor fugl på ca. 15 cm med kroppsvekt på 22 til 25 gram. Hannfuglar er vanlegvis noko tyngre enn hoer. Fjørdrakta er brunsvart mest over det heile, og han har eit svart nebb og lange, brunsvarte bein med lysare føter. Auga er mørkebrune.
Songen åt hannar er ei enkel strofe av 5 til 7 tonar. Ropet hans er ein einaste høgfrekvent tone.
Mangereflugeskvettar er territoriale slik at hannfuglar patruljerer og forsvarer områda sine. Hoer er kjente for å jage vekk andre hoer. Vanlegvis held para saman frå år til år.
Habitata deira ligg lågt i krattskog. Dei føretrekker flate område av skogen med lag av nedfall. Det er komplette insektetarar, og finn føda på skogbotnen og på låge greiner. Mangereflugeskvettar beitar insekt blant nedfall av blad på bakken kor dei tar larver, kakerlakkar, kongroer, wetaer og biller. Dei gjer korte flygingar frå grein til grein, men flyg ikkje over lange strekk.
Mangereflugeskvettar vil vanlegvis byrje å hekke når dei er to år. Hekkinga føregår mest vanleg i hòle tre og i rotne stubbar. Hoa byggjer to til tre reir, men berre eit blir fullført. Egglegginga skjer til vanleg i oktober og november. Hoa rugar egga, og kvart kull er typisk berre to egg. Begge foreldra matar ungane.
Forventa levetid er ca. fire år. Eit kjent individ blei meir enn 12 år gamalt.
Arten er enno truga, men det er pågåande restaurering av habitat, og utrydding av introduserte rovdyr blir gjennomført.
Mangereflugeskvett (Petroica traversi) er ein sterkt truga sporvefugl i flugeskvettfamilien med leveområde avgrensa til Chathamøyane utanfor austkysten av New Zealand. Han er nært nærskyld stripeflugeskvett ( P. australis). I motsetnad til slektningane på fastlandet, er flygeevna noko redusert. Evolusjon i fråvære av rovdyr gjort han sårbar for introduserte artar som kattar og rotter, og han vart utrydda på hovudøya i Chathamøyane før 1871. Det norske artsnamnet reflekterer at arten overlevde på Little Mangere Island til 1938 før vernetiltak kom i gang. I 2011 var det trudd å eksistere 260 individ av arten, dei fleste på Rangatira-øya.