dcsimg

Regnbogedunfot ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Regnbogedunfot (Eriocnemis mirabilis) er ein sterkt truga kolibriart som berre er kjent frå tre små og isolerte leveområde i vestre Andes i Cauca-departementet i sørvestre Colombia.

Skildring

Dette er ein uvanleg fargerik dunfotkolibri i slekta Eriocnemis, med kroppslengd på 8 til 9 centimeter. Kjønna har stor skildnad i fjørdrakt. Mykje av fjørdrakta til hannfuglen er i grønt, med iriserande grøn strupe, men buken og kroppsidene har kraftig metallisk blåfarge, undergumpen er glitrande raud og koparfarga. Fjørduna rundt beina er store og kvite. Hoa har nær kvit underside med grøne flekker i strupen og brystet, samt små raude, orange og blå flekker på buken, kroppssidene og undergump. Nebbet er rettpeikande og svart.

Habitatet ligg i fuktig, subtropisk tåkeskog og i utkanten av skogen, ca. 2200 til 2440 moh.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 350 og 1500 individ totalt innanfor dei tre leveområda på 31 kvadratkilometer, og han er minkande. Arten er kategorisert som kritisk truga av IUCN.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Regnbogedunfot: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Regnbogedunfot (Eriocnemis mirabilis) er ein sterkt truga kolibriart som berre er kjent frå tre små og isolerte leveområde i vestre Andes i Cauca-departementet i sørvestre Colombia.

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN