Omnparula (Seiurus aurocapilla) er ein liten sporvefugl i parulafamilien, Parulidae. Denne trekkfuglen hekkar i det sentrale og austlege Nord-Amerika og overvintrar i Mellom-Amerika, på mange karibiske øyar og i staten Florida.
Denne arten har storleik typisk for parulaer, 14-16,5 centimeter i lengd og vekt på 15,5-26 gram. Han har ein karakteristisk oransje midtstripe frå nebb til nakke, omkrinsa av smalare svarte striper. Elles er hovudet og heile oversida olivenbrun. Undersida er kvit med svarte strek i brystet og på flankane. Kjønna er like.
Omnparulaer søker føde på bakken inne i skogshabitat. Her tar dei hovudsakleg insekt, men òg anna smådyr. Under trekket og i vinterkvarteret kan dei beite på vegetabilsk føde som bær og frø.[1]
Hekkeutbreiinga er vid, frå sørlege Nordvestterritoria og nordaustre British Columbia over til Newfoundland. Sørover i USA berre aust for Rocky Mountains. Sørgrensa i sentrale USA er omtrent rett nord for statane Colorado og Kansas. I aust hekkar dei i nordlegaste Georgia og Sør-Carolina og nordover. Reiret har gjeve namn til arten, det er ein samansett, overbygd konstruksjon på bakken voven saman av gras, daude blad og mose. Brunhovudtrupial er ein vanleg reirparasitt.[1]
Dette er ein sterk trekkfugl som vinterstid lever frå sørlege Mexico og sørover gjennom det meste av Mellom-Amerika. Dei overvintrar òg i Florida og i Karibia. Meir sporadisk trekker nokre fuglar over til nordaustlege Colombia og nordvestlege Venezuela.[1]
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert. Han var stabil gjennom dei siste 40 åra fram til år 2007. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]
Eit individ av arten er registrert på Karmøya i oktober 2003.[3]
Omnparula (Seiurus aurocapilla) er ein liten sporvefugl i parulafamilien, Parulidae. Denne trekkfuglen hekkar i det sentrale og austlege Nord-Amerika og overvintrar i Mellom-Amerika, på mange karibiske øyar og i staten Florida.
██ Hekkeområde██ Overvintringsområde