Cyathea dealbata er ei ei middelstor trebregne som er stadeigen (endemisk) på New Zealand. Bregna er nasjonalplanten til New Zealand.
Cyathea dealbata kan heita silver-fern ('sølvbregne') eller silver tree fern ('sølvtrebregne') på engelsk og kaponga eller ponga på maori.[1]
Planten kan veksa seg over ti m høg (men kan ein sjeldan gong opptre som krypplante). Kruna er tett, og bregneblada kan verta om lag fire m lange. Dei har ein sølvkvit farge på undersidene og lysare grøn på oversidene. Denne klåre, sølvaktige fargen har gjort dei nyttige som markørar langsetter stiar, så ein kan sjå å gå i mørke. Skjella er mørkt brune, og er ofte vridde og glinsande.
Cyathea dealbata kom til New Zealand relativt seint, under pliocen[2] (kring 5-1,8 millionar år sidan). Bregna finst på dei newzealandske øyene og på Chatham Islands i aust, mest i nærleiken av tørrare skogar og i open krattskog. Ho er kjend for å veksa godt i vel drenert humus, og når ho først har slått rot, greier ho gjerne tørrare vokstervilkår. Ho veks best i ly frå vind, og bør vernast mot frost. Sølvbregna veks ikkje på skogbotnen under dei tette krunene til utvaksen skog.
Cyathea dealbata er ei ei middelstor trebregne som er stadeigen (endemisk) på New Zealand. Bregna er nasjonalplanten til New Zealand.
Cyathea dealbata kan heita silver-fern ('sølvbregne') eller silver tree fern ('sølvtrebregne') på engelsk og kaponga eller ponga på maori.